Eksporter

Lagra dokumentet med eit anna namn og format.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Fil → Eksporter


Dei neste bolkane skildrar dialogvindauget LibreOffice Eksporter. For å ta i bruk LibreOffice sine eigne dialogvindauge for opning og lagring, vel LibreOffice → Generelt og kryss av for Bruk dialogvindauga til LibreOffice under Dialogvindauge for opning og lagring.

Eitt nivå opp

Flytt ei mappe opp i mappehierarkiet. Klikk og hald nede museknappen for å sjå dei overordna biblioteka.

Ikon

Eitt nivå opp

Opprett ny mappe

Lager ei ny mappe.

Ikon

Opprett ei ny mappe

Stader

Viser «favorittstader», det vil seia snarvegar til lokale eller eksterne plasseringar.

Visingsområde

Viser filene og mappene i den mappa du er i.

Filnamn

Skriv inn eit filnamn eller ein sti til fila. Du kan også skriva inn ei internettadresse.

Filtype

Vel kva filformat du vil lagra dokumentet i. Berre dokument av denne filtypen vert viste i visingsområdet. Filtypane er forklarte i Informasjon om import- og eksportfilter.

Eksporter

Lagrar fila.