Lagra som
Lagra dokumentet på ein annan plass, med eit anna filnamn eller som ein annan filtype.
Dei neste avsnitta omtalar dialogvindauget LibreOffice Lagra som. For å aktivera dialogvindauga LibreOffice Opna og Lagra, vel LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice- Generelt og vel deretter Bruk LibreOffice dialogar i området Opna/Lagra.

For å lagra eit dokument som mal, bruk kommandoen Fil → Lagra som mal.
Kopla til tenaren
Opnar eit dialogvindauge der du kan setja opp tilkoplinga til ulike tenartypar, inkludert WebDAV, FTP, SSH, Windows Share og CMIS.
Eitt nivå opp
Flytt ei mappe opp i mappehierarkiet. Klikk og hald nede museknappen for å sjå dei overordna biblioteka.
Opprett ny mappe
Lager ei ny mappe.
Stader
Viser «favorittstader», det vil seia snarvegar til lokale eller eksterne plasseringar.
Visingsområde
Viser filene og mappene i den mappa du er i.
Filnamn
Skriv inn eit filnamn eller ein sti til fila. Du kan også skriva inn ei internettadresse.
Filtype
Vel kva filformat du vil lagra dokumentet i. Berre dokument av denne filtypen vert viste i visingsområdet. Filtypane er forklarte i Informasjon om import- og eksportfilter.

Lagra alltid dokumentet i ein LibreOffice-filtype før du lagrar det som ein ekstern filtype. Når du eksporterer til ein ekstern filtype, kan noko av formateringa gå tapt.
Lagra
Lagrar fila.
Lagra med passord
Vern fila med eit passord. Passordet må skrivast inn kvar gong ein brukar skal opna fila.

Berre dokument som bruker det LibreOffice XML-baserte formatet kan lagrast med eit passord.
Rediger filterinnstillingar
Lèt deg velja innstillingar for lagring av rekneark for nokre typar datafiler.
Utval
Eksporterer berre dei valde bileta i LibreOffice Draw og Impress til andre format. Om det ikkje er merkt av i denne boksen, vert heile dokumentet eksportert.

Eksporterer du til ein dokumentfiltype, vert heile dokumentet eksportert.