Opna
Opnar ei lokal eller ekstern fil eller importerer ei.
Dei neste avsnitta omtalar dialogvindauget LibreOfficeOpna. Du aktiverer dialogvindauget LibreOfficeOpna og Lagra ved å velja LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Alternativ → LibreOffice → Generelt og deretter velja dialogvindauget for Bruk LibreOffice i området Opna/lagra-dialogvindauge.
Viss fila du vil opna inneheld stilar, gjeld spesielle reglar.
Eitt nivå opp
Flytt opp ei mappe i kataloghierarkiet. Vis dei overordna katalogane ved å klikka og halda nede museknappen.
Lag ei ny mappe
Lagar ei ny mappe.
Visingsområdet
Viser filene og mappene i den mappa du er i. For å opna ei fil, merk fila og trykk Opna.
Du kan opna fleire dokument samstundes ved å halda nede «Cmd Ctrl» medan du vel filene. Trykk deretter Opna.
-
Trykk på ei kolonneoverskrift for å sortera filene. Trykk ein gong til for å sortera i omvendt rekkjefølgje.
-
For å sletta ei fil; høgreklikk på fila og vel Slett.
-
For å gje ei fil nytt namn; høgreklikk på fila og vel Endra namn.
Filnamn
Skriv inn eit filnamn eller ein sti til fila. Du kan også skriva inn ei nettadresse som byrjar med protokollnamnet ftp, http eller https.
Du kan bruka jokerteikn i Filnamn-boksen for å filtrera lista med filer som vert viste.
Om du for eksempel vil lista ut alle tekstfilene i ei mappe, skriv du inn jokerteiknet stjerne og filutvidinga for tekstfiler (*.txt) og trykkjer deretter på Opna. Bruk spørjeteiknet (?) som jokerteikn for å representera kva teikn som helst. Innskrivinga, som i (??3*.txt) som vil lista ut alle tekstfilene som har teiknet «3» som det tredje teiknet i filnamnet.
Versjon
Viss det er fleire versjonar av fila du opnar, vel kva versjon du vil opna. Du kan lagra og organisera fleire versjonar av eit dokument ved å velja Fil → Versjonar. Dei ulike versjonane vert opna skriveverna.
Filtype
Merk filtypen som du vil opna, eller vel Alle filer (*) for å vise ei liste over alle filene i katalogen.
Opna
Opnar det valde dokumentet (evt. dokumenta).
Set inn
Dersom du opna dialogvindauget ved å velja Set inn → Fil, vert Opna-knappen kalla Set inn. Set den valde fila inn i dokumentet der skrivemerket står.
Skriveverna
Opna fila i skriveverna modus.
Spel av
Speler av lydfila. Trykk igjen for å stoppa avspelinga.
Opna dokument med malar
LibreOffice kjenner igjen malar som finst i kva katalog som helst i denne lista:
-
mappa for delte malar
-
mappa for brukarmalar i heimemappa i mappa «Documents and Settings»
-
alle malmapper som står under LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice → Stiar
Når du brukar
for å lagra ein mal, vert malen lagra i brukarmappa for malar. Når du opnar eit dokument som er basert på ein slik mal, vert dokumentet kontrollert for å sjå om det er endringar i malen slik som omtalt nedanfor. Malen som vert knytt til dokumentet vert av og til kalla ein «fast mal».Når du bruker
og vel ei malfil for å lagra malen i ei mappa som ikkje finst i lista, vert dokumenta som er baserte på denne lista ikkje kontrollerte.Når du opnar eit dokument som er laga frå ein «fast mal» (sjå omtale ovanfor), vil LibreOffice kontrollera om malen er endra sidan sist dokumentet vart opna. Viss malen er endra, vil det koma opp eit dialogvindauge der du kan velja kva stilar som skal nyttast i dokumentet.
Trykk på Oppdater stilar for å bruka dei nye stilane frå malen i dokumentet.
Trykk på Hald fram med gamle stilar for å bruka dei stilane som var i dokumentet frå før.
Viss eit dokument som er oppretta frå ein mal som ikkje lengre finst, vert det vist eit dialogvindauge der du kan velja kva som skal gjerast neste gong dette dokumentet vert opna.
For å bryte koplinga mellom dokumentet og den manglande malen, trykkjer du på Nei. Elles vil LibreOffice leita etter malen neste gong du opnar dokumentet.