Innstillingar

Skriv inn tilleggsinnstillingar for etikettane eller visittkorta, inkludert tekstsynkronisering og skrivaroppsett.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Fil → Ny → Etikettar → Innstillingar

Vel fana Fil → Ny → Visittkort → Innstillingar


Heile sida

Lagar ei full side med etikettar eller visittkort.

Éin etikett

Skriv ut ein enkeltetikett eller eit enkelt visittkort på ei side.

Kolonne

Skriv inn kor mange etikettar eller visittkort du vil ha på ei rad på kvar side.

Rad

Skriv inn kor mange rader med etikettar eller visittkort du vil ha på kvar side.

Synkroniser innhaldet

Let deg redigera ein etikett eller eit visittkort. Når du trykkjer knappen Synkroniser, vert innhaldet av dei andre etikettane eller visittkorta på sida oppdaterte.

Synkroniser etikettar

Knappen Synkroniser etikettar er berre synleg i dokumentet når du har vald Synkroniser innhaldet på fana Val då du oppretta etikettane eller visittkorta.

Kopierer innhaldet i etiketten eller visittkortet øvst til venstre til dei andre etikettane eller visittkorta på sida.

Skrivar

Viser namnet på den valde skrivaren.

Oppsett

Opnar dialogvindauget Skrivaroppsett.