Format

Vel innstillingar for val av papirformat.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Fil → Ny → Etikettar → Format

Vel fana Fil → Ny → Visittkort → Format


Vassrett avstand

Viser avstanden mellom dei venstre kantane av etikettar eller visittkort som ligg ved sida av kvarandre. Skriv inn ein verdi her viss du lagar eit eigendefinert format.

Loddrett avstand

Viser avstanden mellom øvre kanten på etikettar eller visittkort som ligg over kvarandre. Skriv inn ein verdi her viss du lagar eit eigendefinert format.

Breidd

Viser breidda til etiketten eller visittkortet. Skriv inn ein verdi her viss du lagar eit eigendefinert format.

Høgd

Viser høgda til etiketten eller visittkortet. Skriv inn ein verdi her viss du lagar eit eigendefinert format.

Venstremarg

Viser avstanden mellom venstre kant på sida og venstre kanten av den første etiketten eller visittkortet. Skriv inn ein verdi her viss du lagar eit eigendefinert format.

Toppmarg

Viser avstanden mellom toppen av sida og øvre kanten av den første etiketten eller visittkortet. Skriv inn ein verdi her viss du lagar eit eigendefinert format.

Kolonne

Skriv inn kor mange etikettar eller visittkort du vil spenna ut ved sida av kvarandre i breidda på kvar side.

Rader

Skriv inn kor mange etikettar eller visittkort du vil spenna ut over kvarandre i høgda på kvar side.

Lagra

Lagrar etikett- eller visittkort-formatet.

Lagra etikettformat

Merke

Skriv inn eller vel kva varemerke du vil ha.

Type

Skriv inn eller vel ein etikettype.

Førehandsvis felt

Førehandsvis utvalet.