Etikettar
Lag etiketteksten og vel papirstorleik for etiketten.
Inskripsjon
Skriv eller set inn teksten som du vil ha på etikettane.
Etikettekst
Skriv inn teksten du vil ha på etiketten. Du kan også setja inn eit databasefelt.
Adresse
Lagar ein etikett med svaradressa di. Tekst som alt er i etikettekst-boksen vert overskrive.
For å endra returadressa di, vel LibreOffice → InnstillingaVerktøy → Innstillingar> → >LibreOffice og gå til fana Brukarinformasjon.
Database
Vel databasen du ønskjer å bruka som datakjelde for etiketten.
Tabell
Vel databasetabellen som har dei felta du vil bruka i etiketten din.
Databasefelt
Vel databaseformatet du ønskjer å bruka og trykk på pila til venstre for denne boksen for å setja feltet inn i Etikettekst-boksen.
Namnet på databasefeltet er avgrensa av parentesar i feltet Etikettekst. Viss du vil, kan du skilja databasefelt med mellomrom. Trykk «Enter» for å setja inn eit databasefelt på ei ny linje.
Format
Du kan velja eit førehandsbestemt storleiksformat, eller velja eit nytt under fana Format.
Samanhengande
Skriv ut etikettar på samanhengande ark.
Ark
Skriv ut etikettar på eigne ark.
Merke
Vel kva for papir du vil bruka. Alle papirtypar har eigne storleiksformat.
Type
Vel storleiksformatet du ønskjer å bruka. Dei tilgjengelege formata er avhengige av merket du har vald i lista over Merke. Viss du ønskjer å bruka eit tilpassa etikettformat, vel [brukar] og trykk på Format-fana.
Info
Papirtypen og dimensjonane for etiketten vert viste nedst i Format-området.