Etikettar

Let deg laga etikettar. Etikettane vert laga i eit tekstdokument. Du kan skriva ut etikettane på eit førehandsvald eller sjølvvald papirformat.

Du kan òg skriva ut éin enkeltetikett eller eit heilt ark med etikettar.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Fil → Ny → Etikettar


Etikettar

Lag etiketteksten og vel papirstorleik for etiketten.

Format

Vel innstillingar for val av papirformat.

Innstillingar

Skriv inn tilleggsinnstillingar for etikettane eller visittkorta, inkludert tekstsynkronisering og skrivaroppsett.

Nytt dokument

Lager eit nytt dokument som du kan redigera.

Tilbakestill

Set endringane som er gjort i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna.