Tekstimport

Set innstillingane for oppdeling av data, slik dei skal brukast ved import.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Fil → Opna og vel filtypen «Tekst, CSV»

Vel Data → Tekst til kolonnar (Calc)


Importer

Teiknsett

Vel kva teiknsett som skal brukast i importfila.

Språk

Bestemmer korleis talstrengar skal importerast.

Dersom språket er sett til standard (for CSV-import) eller automatisk (for HTML-impoert), vil Calc bruka det språket som er sett som globalt. Dersom det er oppgjeve eit spesifikt språk, vert dette språket brukt ved import av tal.

Når eit HTML-dokument vert importert, kan språkinnstillingane lett koma i konflikt med den globale innstillinga Bruk 'Engelsk (USA)' lokalt for tal. Den globale innstillinga for HTML gjeld berre når det er vald automatisk språksetjing. Dersom du vel eit bestemt språk i dialogen for HTML-import, vert dei globale innstillingane for HTML ignorerte.

Frå rad

Avgjer kva rad du vil starta importen ved. Radene er synlege i førehandsvisingsvindauget nedst i dialogvindauget.

Innstillingar for skiljeteikn

Vel om dataa skal skiljast med skiljeteikn eller faste breidder.

Fast breidd

Del data med fast breidd (like mange teikn) inn i kolonnar. Trykk på linjalen i førehandsvisingsvindauget for å avgjera breidda.

Skild med

Vel skiljeteiknet som skal brukast i dataa dine.

Tabulator

Del data som er skilde med tabulator inn i kolonnar.

Semikolon

Del data som er skilde med semikolon inn i kolonnar.

Komma

Del data som er skilde med komma inn i kolonnar.

Mellomrom

Del data som er skilde med mellomrom inn i kolonnar.

Anna

Del data inn i kolonnar ved å bruka deleteiknet du har oppgitt. Merk: Dette teiknet må også vera i dataane dine.

Slå saman skiljeteikn

Kombiner samanhengande skiljeteikn og fjern tomme datafelt.

Trim mellomrom

Fjernar mellomrom i byrjinga og slutten i eit datafelt.

Strengskiljeteikn

Vel eit teikn som skal brukast til å skilje ut tekstdata. Du kan også skrive inn eit teikn i skrivefeltet.

Andre innstillingar

Set ein del andre importinnstillingar.

Formater sitatfelt som tekst

Når denne innstillinga er aktivert, vil felt og celler der innhaldet er skrive mellom sitatteikn (der første og siste teiknet i strengen er lik skiljeteiknet) verta importert som tekst.

Sjekk spesialområde

Når denne innstillinga er aktivert, vil Calc automatisk kjenne igjen alle talformat, også spesielle talformat som datoar, klokkeslett og vitskapeleg notasjon.

Sidan ulike språk og ulike regionar har ulike reglar for talformatering, vil det valde språket påverka korleis desse tala vert identifiserte.

Når dette valet ikkje er aktivert, vil Calc kjenna igjen og omforma berre desimaltal. Andre tal, også tal skrivne i vitskapleg notasjon, vert importerte som tekst. Eit desimaltal kan innehalda sifra 0-9, tusenskiljeteikn og desimalteikn. Kva for skiljeteikn som vert brukte, er avhengig av kva språk og region som er vald.

Hopp over tomme celler

Når dette valet er slått på, vil Calc behalda innhaldet i cellene når det vert limt inn tomme celler i dei. Elles vil Calc sslette innhaldet i cellene.

Når Tekst til kolonnar er brukt og dette valet er slått av, vert den første kolonnen tom dersom celleinnhaldet byrjar med eit skiljeteikn.

Felt

Viser korleis dataa vil sjå ut når dei er delte opp i kolonnar.

Kolonnetype

Vel ein kolonne i førehandsvisingsvindauget og vel kva datatype som skal brukast på dei importerte dataa. Du kan velja mellom desse alternativa:

Type

Funksjon

Standard

LibreOffice vel typen.

Neste

Importerte data vert handsama som tekst.

Dato (DMÅ)

Bruker eit datoformat (dag, månad, år) på dei importerte dataa i kolonnen.

Dato (MDÅ)

Bruker eit datoformat (månad, dag, år) på dei importerte dataa i kolonnen.

Dato (ÅMD)

Bruker eit datoformat (år, månad, dag) på dei importerte dataa i kolonnen.

Engelsk (USA)

Tal som er formaterte på amerikansk engelsk måte vert tekne med uansett kva språk som er brukt i systemet. Noko talformat vert ikkje brukt. Dersom det ikkje finst nokon tal med amerikansk engelsk format, vert standardformatet brukt.

Gøym

Dataa i kolonnen vert ikkje importerte.


Dersom du har vald eit av datoformata DMÅ, MDÅ eller ÅMD, og skriv inn tala utan skiljeteikn, vert tala tolka slik:

Tal på teikn

Datoformat

6

Grupper av to teikn vert brukte til dag, månad og år i den valde rekkjefølgja.

8

Fire teikn vert brukte til året, to kvar for månad og dag, i den valde rekkjefølgja.

5 eller 7

Som med 6 eller 8 teikn men den første delen av sekvensen har eitt teikn mindre. Dette vil fjerna ein foranstilt null for månad og dag.


Tipsikon

Dersom du vil ha med førestilt null i dataa du skal importera, for eksempel i postnummer, bør du bruka formatet «Tekst» på kolonnen.


Førehandsvising

Viser korleis den importerte teksten vil sjå ut etter at han er oppdelt i kolonnar. Klikk på ein kolonne og vel kolonnetype for å velja kva format kolonnen skal ha ved importering. Når du vel ein kolonnetype, vil overskrifta på kolonnen visa kva format som er vald.

Dersom du vil bruka fast kolonnebreidd til å skilja dei importerte dataa i kolonnar, kan du velja grenser ved å klikka i linjalen.

Navigera utan musa

Du kan lesa meir om filter i Informasjon om import- og eksportfilter.