Eksport av tekstfiler

Dialogen Eksporter tekstfiler gjev deg høve til å definera eksportalternativa for tekstfiler. Dialogvindauget vert opna dersom du lagrar reknearket som «Tekst CSV» og det er kryssa av for Rediger filterinnstillingane i vindauget Lagra som.

Feltinnstillingar

Vel teikn for feltgrense og tekstgrense og teiknsett som skal brukast til teksteksport.

Teiknsett

Vel teiknsettet for tekst-eksport.

Feltgrense

Vel eller skriv inn feltskiljeteikn, som skil datafelt frå kvarandre.

Tekstgrense

Vel eller skriv inn tekstskiljeteikn som omsluttar alle datafelt.

Set alle tekstceller i hermeteikn

Eksporter alle tekstcellene med hermeteikn framføre og etter slik som dei er sette i feltet for skiljetikn. Dersom denne ikkje er merkt, vil berre dei tekstcellene som inneheld feltskiljeteikn verta innekapsla i hermeteikn.

Lagra celleinnhaldet som vist

Denne er normalt avkryssa og gjer at data vert lagra slik dei vert viste, inklusivt det brukte talformatet. Dersom denne ikkje er avkryssa, vert dataa lagra slik som i tidlegare utgåver av programmet.

Åtvaringsikon

Lagrar du celleinnhaldet som vist, kan talformatet gjera at verdiane ikkje kan verta tolka som talverdiar når dei vert importerte igjen.


Fast kolonnebreidd

Eksporterer alle datafelta med ei fast breidd.