XML-filformat

LibreOffice bruker filformatet OpenDocument som standard ved lasting og lagring.

Merknadsikon

ODF-filformatet (OpenDocument File) er eit standardisert filformat som vert brukt i mange program. Du finn fleire opplysningar på nettstaden Wikipedia (på engelsk): wikipedia.org/wiki/OpenDocument.


Namn på OpenDocument-filformar

LibreOffice bruker desse filformata:

Dokumentformat

Filetternamn

ODF-tekst

*.odt

ODF-tekstmal

*.ott

ODF-hovuddokument

*.odm

HTML-dokument

*.html

HTML-dokumentmal

*.oth

ODF-rekneark

*.ods

ODF-reknearkmal

*.ots

ODF-teikning

*.odg

ODF-teikningsmal

*.otg

ODF-presentasjon

*.odp

ODF-presentasjonsmal

*.otp

ODF-formeldokument

*.odf

ODF-database

*.odb

LibreOffice-utviding

*.odt


Merknadsikon

HTML er ikkje eit OpenDocument-format.


ODF-diagram er namnet til filformatet som vert brukt til frittståande diagram. Dette formatet, som har filetternavnet *.odc, er ikkje i bruk.

Utviklinga av OpenDocument-formatet

OpenDocument-formatet vert utvikla over tid.

ODF-versjon

Dato for standardgodkjenning av OASIS

Første støtta versjon av OpenOffice.org/StarOffice

ODF 1.0

2005-05-01

OpenOffice.org 1.1.5 eller StarOffice 7

ODF 1.1

2007-02-02

OpenOffice.org 2.2 eller StarOffice 8 Update 4

ODF 1.2

2011-09-30

OpenOffice.org 3 eller StarOffice 9

ODF 1.2 (utvida)

-

OpenOffice.org 3.2 eller StarOffice 9.2


I dei gjeldande versjonane kan du velja å lagre dokument med ODF 1.2 (standard) eller ODF 1.0/1.1 (for kompatibilitet bakover). Vel Verktøy → Innstillingar → Last inn /lagra → Generelt og vel ODF-formatversjonen.

Dersom du ønskjer å utveksla dokument med nokon som framleis bruker OpenOffice.org 1 eller StartOffice 7, lagrar du dokumenta ved å velja det ønskte formatet i listefeltet Filtype.

Tipsikon

Dersom du vil bruka eit anna filformat som standard, vel du Last inn / lagra → Generelt for å finna alternative filformat for kvar LibreOffice-filtype.


XML-filstruktur

Dokument i OpenDocument-format vert lagra som komprimerte zip-arkiv som inneheld XML-filer. Dersom du vil sjå på desse XML-filene, kan du pakka ut OpenDocument-fila med eit utpakkingsprogram. Dei følgjande filene og mappene ligg inni OpenDocument-filer:

  1. Tekstinnhaldet i dokumentet er lagra i content.xml.

    Som standard vert content.xml lagra utan formatering som for eksempel innrykk og linjeskift for å gjere tida det tar å lagre og opne dokumentet kortast mogleg. Du kan slå på bruk av innrykk og linjeskift frå Avanserte innstillingar der du set /org.openoffice.Office.Common/Save/Document PrettyPrinting til SANN.

  2. Fila meta.xml inneheld metainformasjon om dokumentet, altså det du kan skriva inn under Fil → Eigenskapar.

    Dersom du lagrar eit dokument med passord, vil alle XML-filene utanom meta.xml vera krypterte.

  3. Fila settings.xml inneheld meir informasjon om innstillingane som gjeld for dokumentet.

  4. I styles.xml finn du stilane som er brukte på dokumentet. Desse stilane finn du i stilhandsamaren.

  5. Fila meta-inf/manifest.xml skildrar strukturen til XML-fila.

Filpakken kan innehalda endå fleire filer og mapper.

Definisjon av XML-formata

Skjemaet for OpenDocument-formata finn du på nettstaden www.oasis-open.org.