Generell ordliste

Denne ordlista forklarar ein del av dei vanlegaste uttrykka du finn i LibreOffice.

Du kan bruka ordlista til å slå opp ukjende ord som du finn i LibreOffice-programma.

ASCII

Forkorting for «American Standard Code for Information Interchange». ASCII er eit teiknsett for framvising av skrift på datamaskiner. Det inneheld 128 bokstavar, tal og andre teikn. Det utvida ASCII-teiknsettet inneheld 256 teikn. Kvar teikn har sitt eige nummer, ofte kalla ASCII-kode.

I nettsider kan du ofte berre bruka 7-bits ASCII-teikn. Andre teikn, for eksempel æ, ø og å, må skrivast inn med spesielle kodar. Når du skriv inn teikn frå det utvida ASCII-teiknsettet, gjer eksportfilteret i LibreOffice om slike teikn automatisk.

Bézier-objekt

Den franske matematikaren Pierre Bézier utvikla ein måte å skildra kurver på matematisk. Teikneprogram bruker ofte Bézier-kurver i todimensjonale teikningar. Kurva er styrt av fire punkt: Start- og sluttposisjonen, pluss to mellompunkt. Når du endrar på Bézier-objekt, flyttar du desse punkta med musa.

DDE

DDE står for «Dynamic Data Exchange», og er ein forgjengar til OLE, «Object Linking and Embedding». Med DDE kan objekt leggjas inn som fillenker, men ikkje byggjast inn i dokumenta.

Du kan laga DDE-lenkjer på denne måten: Vel celler frå eit Calc-rekneark, kopier dei til utklippstavla og byt til eit anna rekneark der du vel Rediger → Lim inn utval. Vel Lenkje for å setja inn cellene som ei DDE-lenkje. Celleområdet vert då lese inn frå originalfila.

Enkjer og foreldrelause

«Enkjer og foreldrelause» er uttrykk med lang typografisk tradisjon. Enkjer er korte linjer på slutten av avsnitt, som havnar åleine på toppen av ei side ved utskrift. Linjer er foreldrelause når den første linja i eit avsnitt vert skriven ut åleine nedst på ei side. I LibreOffice kan du automatisk hindra slike linjer i tekstdokument med ei innstilling i avsnittsstilen. Der kan du sjølv velja kor mange linjer du vil halda samla på ei side.

Festing (automatisk gøyming)

Ved dei vindaugskantane der eit vindauge er festa, kan du sjå ein knapp som du kan bruka til å visa eller gøyma vindauget.

Festing av vindauge

Ein del vindauge i LibreOffice, for eksempel «Stilar» og dokumentstruktur, kan limast inn. Du kan flytte desse vindauga, endre storleiken på dei eller lime dei til ein kant. Til kvar kant kan du lime inn fleire vindauge over og under kvarandre eller ved sida av kvarandre. Du kan endre storleiken på vindauga ved å trekkja i rammene.

Dobbeltklikk i eit tomt område i vindauget medan du held nede -tasten for å frigjera eller festa vindauget igjen. I vindauget for stilhandsamaren kan du også dobbeltklikka i den grå delen av vindauget ved sida av synbolet medan du held nede -tasten.

Formatering

Med formatering meiner ein den visuelle utforminga av teksten i ein teksthandsamar eller eit DTP-program (DeskTop Publishing). Dette omfattar papirformat, sidemargar, skriftypar, skrifteffektar, innrykk, mellomrom og mykje anna. Du kan formatera tekst direkte eller med stilar leverte med LibreOffice.

Formatering direkte og med stilar

Dersom du formaterer eit dokument utan å bruka stilar, brukar du det vi kallar «direkte» formatering. Det vil seia at du endrar tekst eller andre objekt, for eksempel rammer eller tabellar, ved å velja ulike eigenskapar direkte. Formatet gjeld berre for det valde området, så alle endringane må gjerast kvar for seg. Stilar, derimot, vert ikkje brukte direkte i teksten, men må i staden veljast ved hjelp av stilhandsamaren før dei vert tekne i bruk. Ein av fordelane med stilar er at når du gjer endringar i ein stil, vert endringane tatt i bruk samtidig i alle delar av dokumentet der denne stilen er i bruk.

Du kan fjerna direkte formatering frå dokumentet ved å markera all tekst med snarvegen + A og deretter velja Formater → Fjern direkte formatering.

JDBC

Med JDBC («Java Database Connectivity») kan du kopla til databasar frå LibreOffice. JDBC-drivarane er skrivne i programmeringsspråket Java og er plattformuavhengige.

Kerning

Kerning vil seia å gjera avstanden mellom teiknpar større eller mindre slik at teksten totalt sett ser betre ut.

Kerningstabellane inneheld informasjon om kva for teiknpar som krev tilpassa avstand. Slike tabellar er vanlegvis innebygde i skriftene.

Kompleks tekstvising (KTV)

Språk med kompleks tekstvising kan ha nokre eller alle desse eigenskapane:

LibreOffice støttar i dag hindi, thai, hebraisk og arabisk som CTL-språk.

Du kan slå på CTL-støtte i → Språkinnstillingar → Språk.

Lagra relativt og absolutt

I fleire dialogvindauge (for eksempel Verktøy → Autotekst) kan du velja om filer skal lagrast relativt eller absolutt.

Dersom du vel å lagra relativt, vert referansane til innebygde bilete eller andre objekt i dokumentet lagra relativt til plasseringa i filsystemet. Då vil det ikkje ha noko å seia kvar mappestrukturen faktisk ligg. Filene vert funne uansett kvar dei ligg, så lenge referansen held seg på den same stasjonen. Dette er viktig å tenkja på dersom du skal gjera dokumentet tilgjengeleg for andre datamaskiner der mappestrukturen og stasjonane kan vera heilt annleis. Det er òg lurt å lagra relativt dersom du skal leggja dokumentet ut på Internett.

Dersom du føretrekk å lagra absolutt, vert alle referansar til andre filer òg lagra absolutt, med informasjon om stasjonen eller rotmappa der filene ligg. Fordelen med dette er at sjølve dokumentet som inneheld referansane kan flyttast til andre mapper, utan at referansane vert ugyldige.

Lenkje

Kommandoen Lenkjer ligg i Rediger-menyen. Denne kommandoen kan berre brukast når det finst minst ei lenkje i dokumentet. Når du set inn eit objekt, for eksempel eit bilete, kan du anten kopiere det inn i dokumentet eller setja det inn som ei lenkje.

Dersom eit objekt vert set direkte inn i eit dokument, aukar storleiken på dokumentfila med minst storleiken på objektet. Når du lagrar dokumentet og opnar det på ein annan maskin, vil objektet du sette inn, framleis liggja på same staden i dokumentet.

Dersom du set inn objektet som ei lenkje, er det berre ein referanse til filnamnet som vert sett inn. Storleiken på dokumentfila aukar nesten ikkje i det heile. No kan du derimot ikkje opna dokumentet på ei anna maskin utan at den lenkte fila ligg på nøyaktig same stad der òg.

Bruk Rediger → Lenker for å sjå kva filer som er set inn som lenker. Du kan fjerne lenkene dersom du vil det. I så fall vert lenkja broten og objektet vert set inn direkte.

ODBC

«Open Database Connectivity» er ein vanleg protokoll som program kan bruka til å snakka med databasar. Spørjespråket er SQL («Structured Query Language»). I LibreOffice kan du velja for kvar enkelt database om SQL-kommandoar skal brukast til spørjingar. Alternativet er å laga spørjingar i det interaktive grensesnittet, slik at LibreOffice etterpå kan omsetja dei til SQL for deg.

OLE

OLE-objekt («Object Linking and Embedding») kan lenkjast eller byggjast inn i dokument. Innebygde objekt er kopierte inn saman med detaljar om opphavsprogrammet. Dersom du vil redigera objektet, kan du enkelt starta opphavsprogrammet ved å dobbeltklikka på objektet.

Objekt

Eit objekt er eit skjermelement som inneheld data. Det kan visa til data frå andre program, for eksempel tekst eller bilete.

Objekt er uavhengige og påverkar ikkje kvarandre. Alle objekt som inneheld data kan tilordnast visse kommandoar. For eksempel har eit biletobjekt kommandoar for biletredigering, medan eit rekneark har reknekommandoar.

OpenGL

OpenGL er eit språk for 3D-grafikk, opphavleg utvikla av SGI (Silicon Graphics Inc.). Det finst to dialektar i vanleg bruk: Microsoft OpenGL som er utvikla for bruk i Windows NT, og Cosmo OpenGL som er laga av SGI. Den siste er eit uavhengig grafikkspråk for alle plattformar og alle slags datamaskiner, til og med maskiner som ikkje har spesiell maskinvare for 3D-grafikk.

PNG

PNG («Portable Network Graphics») er eit filformat for bilete. Filene vert komprimerte med ein sjølvvald komprimeringsfaktor, og i motsetning til JPG-formatet, vert PNG-filer alltid komprimerte utan tap av informasjon.

Primærnøkkel

Ein primærnøkkel tener som eintydig identifikasjon av databasefelt. Den unike identifikasjonen vert brukt i relasjonsdatabasar for å henta data frå andre tabellar. Referansar til primærnøklar frå andre tabellar vert kalla framandnøklar.

I LibreOffice vel du primærnøkkelen i utformingsvisinga av ein tabell ved å velja den aktuelle kommandoen frå lokalmenyen i radoverskrifta til det valde feltet.

RTF

RTF («Rich Text Format», rikt tekstformat) er eit filformat som er tilpassa utveksling av tekstfiler. Ein spesiell funksjon er at formateringa vert gjort om til direkte lesbar tekstínformasjon. Diverre gjev RTF gjerne større filer enn andre filformat.

Relasjonsdatabase

Ein relasjonsdatabase er ei samling dataelement som er organiserte som eit sett formelt skildra tabellar der data kan hentast ut eller setjast saman på mange ulike måtar utan at sjølve tabellane må omorganiserast.

Eit relasjonsdatabasesystem (RDBMS) er eit program som lèt deg laga, oppdatera og styra relasjonsdatabasar gjennom SQL-uttrykk frå brukaren eller eit program.

Eit godt eksempel på ein relasjonsdatabase kan vera ein database med tabellane «Kunde», «Innkjøp» og «Faktura». I fakturatabellen ligg det ingen data om kundar eller innkjøp, berre referansar (relasjonar) til dei aktuelle felta i kunde- og innkjøpstabellane (for eksempel feltet Kunde-ID frå kundetabellen).

SQL

SQL («Structured Query Language») er eit språk som vert brukt til databasespørjingar. I LibreOffice kan du laga spørjingar både i SQL og interaktivt med musa.

SQL-database / SQL-tenar

Ein SQL-database er eit databasesystem med eit SQL-grensesnitt. SQL-databasar er gjerne brukte i klient/tenar-nettverk der fleire klientar har tilgang til ein sentral tenar. Difor vert slike databasar ofte kalla SQL-tenardatabasar eller berre SQL-tenarar.

Du kan integrere eksterne SQL-databasar i LibreOffice. Databasane kan anten ligge lokalt på din eigen harddisk eller ein annan stad i nettverket. Tilgangen skjer anten gjennom ODBC eller gjennom drivarar som er innebygde i LibreOffice.

Set i kegel

Set i kegel er eit typografisk uttrykk som vert brukt ved utskrift. Uttrykket viser til lik plassering av linjene på framsida og baksida av arket. Då vert sidene lettare å lesa, sidan ein unngår at grå skuggar vert synlege gjennom arket mellom linjene. Funksjonen sørgjer òg for at linjer i spalter som ligg ved sida av kvarandre får same høgd.

Når eit avsnitt, ein avsnittsstil eller ein sidestil er sett i kegel, vert grunnlinjene til teikna plasserte etter eit fast rutenett, uansett kor stor skrifta er eller om det er bilete i teksten. Dersom du vil, kan du tilpassa rutenettet som ein eigenskap ved sidestilen.

Skrivemetode

Ein «skrivemetode» er eit hjelpeprogram som kan brukast om du vil skriva inn komplekse teikn frå ikkje-vestlege teiknsett med eit vanleg tastatur.

Sprettoppmeny

Ein sprettoppmenye er ein lokal meny for eit objekt. Du opnar sprettoppmenyen til eit objekt ved å trykkja på objketet med museknapp for å merkja det og så . Nokre sprettoppmenyar kan verta opna sjølv om objektet ikkje er merkt. Du finn sprettoppmenyar overalt i LibreOffice.

Talboks

  1. I skjemakontrollane er ein rulleknapp ein eigenskap for eit talfelt, valutafelt, datofelt eller klokkeslettfelt. Dersom eigenskapen «Rulleknapp» er slått på, viser feltet eit par symbol med piler som peikar i motsett retning, anten vassrett eller loddrett.

  2. I Basic-IDE-en er ein rulleknapp namnet som vert brukt på det numeriske feltet og dei to pilsymbola.

Du kan skriva inn eit tal i det numeriske feltet ved sida av rulleknappen, eller du kan velja ein verdi ved å trykkja pil opp eller pil ned på rulleknappen. Det går også an å trykkja piltastane på tastaturet for å auka og minska verdien. Med «Page Up» og «Page Down» kan du hoppa rett til den største eller den minste verdien som kan brukast.

Viss feltet ved sida av rulleknappen vert brukt til å velja numerske verdiar, kan du også velja måleeining, for eksempel 1 cm eller 5 mm, 12 pt eller 2".

Talsystem

Eit talsystem er inndelt etter kor mange teikn som vert brukte for å representere tal. Desimalsystemet er for eksempel basert på tala frå 0 til 9, binærsystemet på tala 0 og 1 og det heksadesimale systemet er basert på 16 teikn (0-9 og A-F).