Omgjering av måleeiningar
I nokre dialogvindauge kan du skriva inn måleeiningar i boksane. Viss du berre skriv inn ein numerisk verdi, vert standardeininga brukt.
Du vel standard måleeining for Writer-dokument i LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice Writer → Generelt. Du kan gjera tilsvarande for Calc, Draw og Impress ved å opna eit dokument av den typen og velja Generelt på same måten som i Writer.
I felt for lengdeeiningar kan du òg leggja til ei forkorting av måleeininga, som i denne lista:
Forkorting av måleeiningar |
Forklaring |
mm |
Millimeter |
cm |
Centimeter |
in eller " |
Tommar |
pi |
Pica |
pt |
Punkt |
Desse formlane reknar om mellom einingane:
-
1 cm = 10 mm
-
1 tomme = 2.54 cm
-
1 tomme = 6 pica = 72 punkt
I eit tekstdokument kan du for eksempel velja Format → Avsnitt → Innrykk og mellomrom. Ønskjer du å rykkja inn avsnittet med ein cm, skriv du inn 1 cm i feltet «Før tekst». Vil du rykke inn avsnittet med ein tomme, skriv du inn 1 in eller 1".

Dersom du vil velja den høgste eller minste verdien, kan du klikka i feltet og trykkja på tastane Page Up eller Page Down.