Ordliste over Internett-uttrykk
Dersom du er ny på Internett, møter du mange framande ord som nettlesar, bokmerke, e-post, heimeside, søkjemotor og mange andre. Denne ordlista vil hjelpa deg med å kome i gang ved å forklara ein del av den viktige terminologien du finn på Internett, intranett, e-post og i diskusjonsgrupper.
Biletkart
Eit biletkart er eit bilete eller ei tekstramme med hyperlenkjer i. Utvalde område i biletkartet fungerer som lenkjer til andre nettadresser. I funksjonen for biletkart kan du velja lenkjeområde, kvar lenkjene skal gå til og kva for tekst som skal visast når musepeikaren ligg over området.
Det finst to typar biletkart. Eit biletkart på klienten vert handsama i den nettlesaren som har henta det ned frå Internett, medan eit biletkart på tenaren vert handsama på den vevtenaren der nettsida ligg. Når biletkartet ligg på tenaren, sender nettlesaren koordinatane over til tenaren, og så svarar eit eige program på tenaren. Når biletkartet ligg på klienten, fungerer lenkjeområdet som ei vanleg tekstlenkje. Då vert nettadressa vist når du fører musepeikaren over biletkartet.
Sidan biletkart kan brukast på ulike måtar, kan dei òg lagrast i ulike format.
Biletkartformat
Dei to hovudtypane av biletkart er slike som vert handsama på tenaren og slike som vert handsama i nettlesaren.
Biletkart på klienten
Området i biletet eller ramma som lesaren kan trykkja på, vert vist med ei lenkje til nettadressa som kjem fram når du fører musepeikaren over området. Biletkartet ligg som eit slags lag under biletet, og inneheld informasjon om områda med lenkjer. Den einaste ulempen med biletkart på klientsida er at enkelte gamle nettlesarar ikkje forstår dei. Ein ulempe som vert mindre etter som tida går.
Når du lagrar biletkartet, vel du typen SIP – StarView-biletkart. Då vert biletkartet lagra direkte i eit format som kan brukast med alle bilete og rammer i dokumentet. Dersom du berre vil bruka biletkartet med eitt bilete eller éi tekstramme, treng du ikkje lagra det. Etter å ha laga områda, trykkjer du berre på Bruk. Biletkartet vert då lagra som HTML-kode rett i nettsida.
Biletkart på tenaren
Biletkart på tenaren vert vist som eit bilete eller ei ramme på sida. Når du klikkar i biletkartet med musa, vert koordinata til museklikket sende over til tenaren. Eit eige program på tenaren avgjer då kva som skal skje. Det finst fleire ulike måtar å gjera dette på. Dei to vanlegaste er:
-
W3C (CERN) HTTP-tenar (Format-type: MAP – CERN)
-
NCSA HTTP-tenar (Format-type: MAP – NCSA)
LibreOffice kan laga begge typar biletkart. Du vel format frå lista Filtype under Lagra som i dialogvindauget Biletkartredigering. Det vert laga eigne biletkartfiler som du må lasta opp til tenaren. Du må spørja nettleverandøren eller nettverksadministratoren om kva type biletkart som kan brukast på tenaren og korleis du får tilgang til biletkartprogrammet.
CMIS
Standarden Content Management Interoperability Services (CMIS) definerer ein domenemodell og Web Services og Restful AtomPub koplingar som tillet større interoperabilitet med Enterprise Content Management (ECM) system. CMIS bruker Web services og Web 2.0 grensesnitt slik at det er mogleg å dele informasjon på tvers av internettprotokollar i vendor-nøytral-format, mellom dokumentsystem, utgjevarar og arkiv innføre eit firma og mellom ulike firma.
EPUB
EPUB er standard for electroniske bokfiler med filutvidinga .epub som kan lastast ned og lesast på utstyr som for eksempel smaorttelefon, lesebrett, datamaskiner eller liknande.
EPUB er ein teknisk standard so nå vert offentleggjort av Publishing group of W3C. EPUB er eit populært format både fordi det er ope og fordi det er basert på HTML.
Ei EPUB-utgjeving vert levert som ei enkel komprimert fil som ikkje er kryptert. Fila inneheld ei nettside. Fila inneheld HTML-filer, bilete, CSS-stilark og andre ting som metadata, multimedia og interaktivitetar.
FTP
FTP står for «File Transfer Protocol» og er standard overføringsmåte for filer over Internett. FTP-tenarar er datamaskiner som lagrar filer som kan overførast med FTP. Når vevtenarar overfører nettsider til nettlesaren, bruker dei heller HTTP (Hypertext Transfer Protocol) for oppsett av samband og dataoverføring mellom WWW-tenarane og klientane.
HTML
HTML («Hypertext Markup Language») er det kodespråket nettsider vert skrivne i og som gjer det mogleg å ha med tekst, bilete, videoklipp og lyd på nettsidene. Språket skriv seg frå SGML.
Ønskjer du å skriva inn HTML-kode direkte, for eksempel når du arbeider med oppgåver frå ei av dei mange HTML-bøkene som finst, må du hugsa at HTML-sider eigentlig er filer med rein tekst. Difor bør du lagra slike dokument med dokumenttypen Tekst og filtypen .html. Hugs at du ikkje må bruka teikn med aksentar eller andre teikn frå det utvida teiknsettet. Viss du vil opna denne fila på nytt i LibreOffice og redigera HTML-koden, må du opna ho med dokumenttypen Tekst, ikkje med dokumenttypen Nettsider.
Det finst mange ressursar på Internett som kan hjelpa deg med å læra HTML.
HTTP
«Hypertext Transfer Protocol» er den overføringsmåten som vert brukt når nettsidene vert henta ned frå vevtenaren (vertsmaskin) til nettlesaren (klienten).
Hyperlenkje
Hyperlenkjer er kryssreferansar, oftast utheva med farge eller understreking. Du kan klikka på dei med musa for å hoppa til andre stader i dokumentet eller til andre dokument.
I LibreOffice kan du laga hyperlenkjer i både tekst, bilete og tekstrammer. Knappen for hyperlenkjer ligg på standardverktøylinja.
Java
Java er eit plattformuavhengig programmeringsspråk som er spesielt tilpassa til bruk på Internett. Nettsider og program som er laga med Java kan brukast på alle moderne operativsystem. Program som bruker Java er som oftast utvikla i eit Java utviklingsmiljø og deretter kompilert til «bytekode».
Mellomtenar (proxy)
Ein mellomtenar (proxy) er ei datamaskin i nettverket som opptrer som ei slags utklippstavle for dataoverføring. Dersom du bruker Internett via nettverket på arbeidsplassen din og ein kollega allereie har lese ei nettside som du vil lesa, kan mellomtenaren visa fram den sida svært raskt. Mellomtenaren sjekkar først om den sida du vil lasta ned er nyare enn den kollegaen lasta ned tidlegare. Viss ikkje, slepp du å lasta ned sida frå Internett, som ville ha vore mykje tregare enn å henta ho frå mellomtenaren.
Rammer
Rammer er nyttige når du skal setja opp nettsider. LibreOffice bruker flytande rammer der du mellom anna kan leggja inn bilete, videoklipp og lydar. Sprettoppmenyen til ramma viser funksjonar du kan bruka til å gjenoppretta eller redigera rammeinnhaldet. Nokre av desse kommandoane står også i Rediger → Objekt når ramma er vald.
SGML
SGML står for «Standard Generalized Markup Language». SGML bygger på ideen om at dokument har strukturelle og andre semantiske element som kan forklarast utan referanse til korleis dei skal visast fram. Slike dokument kan visast fram på ulike måtar, avhengig av kva slag medium og stil som vert brukt. I strukturerte tekstar syter SGML ikkje berre for å laga strukturar (i DTD = Document Type Definition), men også for at dei vert brukte einsarta.
HTML er éi særskild utgåve av SGML. Det tyder at nettlesarar flest berre støttar eit visst utval av SGML-standardane. Nesten alle system som forstår SGML kan produsera nettsider som ser fine ut.
Søkjemotorar
Ein søkjemotor er ei teneste på Internett som gjer at du kan finna nettsider ved å søkja etter nøkkelord.
Taggar
Nettsider inneheld instruksjonar om struktur og formatering. Desse instruksjonane vert kalla taggar. Taggane er kodeord skrivne mellom vinkelparentesar i kodespråket HTML. Mange taggar inneheld tekst eller hyperlenkjer mellom opne- og lukketaggane. Overskrifter er for eksempel merkte med <h1> før overskrifta og </h1> etter. Nokre taggar står åleine, slik som <br> som gjev linjeskift og <img …> som lenkjer til eit bilete.
URL
Nettadresser vert ofte kalla URL-ar («Uniform Resource Locator»). Dei viser til eit dokument eller ein tenar på Internett. Oppbyggjinga av ei nettadresse varierer med ulike typar nettadresser. Vanlegvis er forma Teneste://Vertsnamn:Port/Sti/Side#Merke, men alle delane treng ikkje alltid vera med. Ein URL kan vere ei FPT-adresse, ei WWW (HTTP)-adresse, ei filadresse eller ei e-postadresser.
WebDAV
Forkorting for «Web-based Distributed Authoring and Versioning», eit IETF standardsett av plattform-uavhengige utvidingar til HTTP som tillet samarbeid om redigering og handtering av filer på eksterne nett-tenarar. WebDAV bruker XML-eigenskapar til metadata, låsing - som hindrar at forfattarane overskriv endringane til kvarandre - namneplassmanipulering og ekstern filhandsaming. WebDav vert også kalla DAV.