Ofte brukte knappar

Avbryt

Lukkar du eit dialogvindauge med Avbryt, vert ingen av endringane du har gjort i han lagra.

Fullfør

Tar i bruk alle endringane og lukker vegvisaren.

Verktøylinjer

Når du klikkar på pila ved sida av enkelte knappar opnar det seg ei verktøylinje. Du kan flytta ei verktøylinje ved å dra tittellinja til ein ny stad. Når du slepp museknappen, vert verktøylinja liggjande der du slapp henne. Dersom du legg verktøylinja inntil eit vindauge, festar ho seg til kanten. Du lukkar verktøylinja ved å trykkja på lukkeknappen. Då kan du henta ho fram att med Vis → Verktøylinjer → (namnet på verktøylinja).

Rulleknapp

  1. I skjemakontrollane er ein rulleknapp ein eigenskap for eit talfelt, valutafelt, datofelt eller klokkeslettfelt. Dersom eigenskapen «Rulleknapp» er slått på, viser feltet eit par symbol med piler som peikar i motsett retning, anten vassrett eller loddrett.

  2. I Basic-IDE-en er ein rulleknapp namnet som vert brukt på det numeriske feltet og dei to pilsymbola.

Du kan skriva inn eit tal i det numeriske feltet ved sida av rulleknappen, eller du kan velja ein verdi ved å trykkja pil opp eller pil ned på rulleknappen. Det går også an å trykkja piltastane på tastaturet for å auka og minska verdien. Med «Page Up» og «Page Down» kan du hoppa rett til den største eller den minste verdien som kan brukast.

Viss feltet ved sida av rulleknappen vert brukt til å velja numerske verdiar, kan du også velja måleeining, for eksempel 1 cm eller 5 mm, 12 pt eller 2".

Gjer om

Om du klikkar deg fram gjennom dialogvindauget, vert denne knappen kalla Neste. På siste sida har knappen namnet Gjer om. Omgjeringavert då gjort når du trykkjer på knappen.

Sprettoppmeny

Ein sprettoppmenye er ein lokal meny for eit objekt. Du opnar sprettoppmenyen til eit objekt ved å trykkja på objketet med museknapp for å merkja det og så . Nokre sprettoppmenyar kan verta opna sjølv om objektet ikkje er merkt. Du finn sprettoppmenyar overalt i LibreOffice.

Slett

Slettar elementet eller elementa etter stadfesting.

Slett

Slettar det valde elementet eller element utan å spørja om stadfesting.

Mål

Du kan bruka fleire ulike måleeiningar når du skriv inn verdiar i felta. Standardeininga er centimeter. Viss du ønskjer eit mellomrom på nøyaktig 1 cm, skriv du inn «1 cm». I andre samanhengar kan andre måleeiningar brukast, som for eksempel «12 pt» for 12 punkts avstand. Viss du skriv inn ein heilt urealistisk verdi, vil programmet bruka ein førevald største eller minste verdi i staden.

Lukk

Lukkar dialogvindauget og lagrar alle endringane.

Lukk

Lukkar dialogvindauget.

Bruk

Tar i bruk dei endra eller valde verdiane utan å lukka dialogvindauget.

Krymp / Maksimer

Trykk på Forminsk-knappen for å gjera dialogvindauget like lite som skrivefeltet. På den måten er det lettare å merkja av området i arket. Knappen vert etter dette automatisk endra til ein Maksimer-knapp. Denne kan brukast til å gjenoppretta storleiken til dialogvindauget.

Dialogvindauget vert automatisk minimert når du klikkar med musa i eit rekneark. Så snart du slepp museknappen, vert dialogvindauget gjenoppretta. Det referanseområdet du valde med musa er då vist med blå ramme i dokumentet.

Ikon

Krymp

Ikon

Maksimer

Førehandsvis felt

Førehandsvis utvalet.

Neste

Trykk Neste. Då vil vegvisaren bruka gjeldande innstillingar og går vidare til neste steg. På det siste steget vert denne knappen endra til Lag.

Dialogknappar

Tilbakestill

Set dei endra verdiane tilbake til dei førre verdiane i fana.

Avbryt

Lukker dialogvindauget og avbryt alle endringar.

OK

Lagrar alle endringane og lukker dialogvindauget.

Tilbakestill

Set endringane som er gjort i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna.

Tilbakestill

Still tilbake endringar som er gjorde på denne fana til slik dei var før ho vart opna. Du vert ikkje spurd før tilbakestillinga.

Tilbakestill

Tilbakestiller dei endra verdiane til standardverdiane.

Åtvaringsikon

Det vil ikkje koma spørsmål om stadfesting. Dersom du stadfestar med «OK», vert alle innstillingane i dette dialogvindauget tilbakestilte.


Standard

Still dei verdiane som er synlege i dialogboksen tilbake til standfardverdiane.

Åtvaringsikon

Det vert ikkje spurd om stadfesting før standardinnstillingane vert lesne inn.


Tilbake

Vis vala du gjorde i dialogboksen i førre steg. Innstillingane på dette steget bvert ikkje endra. Denne knappen kan berre brukast frå og med side to.

Innstillingar

Trykk Meir-knappen for å utvida dialogvindauget til å visa fleire alternativ. Trykk igjen for å få att det opphavlege dialogvindauget.

Sjå òg desse funksjonane:

Søket har støtte for regulære uttrykk. Du kan for eksempel skriva inn «all.*» for å finne den første førekomsten av «all» etterfylgd av kva teikn som helst. Viss du vil søkja etter ein tekst som også er eit uttrykk, må du skriva inn \ framføre kvart teikn i søkeordet. Du kan slå den automatiske evalueringa av uttrykk av og på i LibreOffice Calc → Rekn ut.

Dersom det oppstår ein feil, vil funksjonen returnera ein logisk eller numerisk verdi.

(Denne kommandoen finn du berre i sprettoppmenyen.)

Med dobbeltklikk kan du bruka eit verktøy til fleire oppgåver. Dersom du berre klikkar éin gong, går verktøyet tilbake til den førre oppgåva etter at denne er ferdig.

Du kan trykkja Shift+F1 og peika på ein kontroll for å finna ut meir om denne kontrollen.

Knappane i dialogvindauge for innstillingar

OK

Lagra endringane gjort på sida og lukk dialogvindauget for innstillingar.

Avbryt

Lukkar dialogvindauget for innstillingar og kasser alle endringane.

Tilbakestill

Set endringane som er gjort i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna.

Åtvaringsikon

Nokre av vala kan ikkje tilbakestillast når dei først er sett. Skriv inn det opphavlege valet manuelt eller trykk Avbryt og opna dialogvindauget på nytt.