Funksjonar i LibreOffice Draw

Med LibreOffice Draw kan du laga både enkle og avanserte teikningar og lagra dei til ei rekkje vanlege biletformat. Du kan òg setja inn tabellar, diagram, formlar og andre element som er laga i LibreOffice i teikningane.

Vektorbilete

LibreOffice Draw lagar vektorbilete med linjer og kurver frå matematiske vektorar. Slike vektorar skildrar geometrien i linjer, ellipsar og mangekantar.

Laga 3D-objekt

Du kan laga enkle 3D-objekt som kubar, kuler og sylindrar i LibreOffice Draw. Du kan òg endra på lyssetjinga på objekta.

Rutenett og festelinjer

Rutenett og hjelpelinjer hjelper deg med å stilla opp objekta i teikninga. Du kan velja å festa objekta inntil rutenettet, hjelpelinjene eller kanten på andre objekt.

Kopla saman objekt for å visa samanhengar

Du kan kopla saman objekt i LibreOffice Draw med ein type linjer som heiter «sambandslinjer». Desse linjene går ut frå festepunkta på objekta og heng fast i objekta sjølv om du flyttar på dei. Sambandslinjer er nyttige når du skal laga organisasjonskart og tekniske teikningar.

Visa målelinjer

I tekniske teikningar vert lengdene på objekta ofte viste. Du kan bruka målelinjene i LibreOffice Draw for å rekna ut og visa lengder.

Galleri

Galleriet inneheld bilete, animasjonar, lydar og andre element som du kan setja inn og bruka både i teikningane og i andre LibreOffice-program.

Biletformat

LibreOffice Draw kan lagra til ei rekkje vanlege biletformat, som for eksempel BMP, GIF, JPG og PNG.