Verktøylinjer

Her finn du ei oversikt over verktøylinjene i LibreOffice Draw.

Dette er ei oversikt over standardoppsettet til verktøylinjene i LibreOffice.

Standardlinja

Standardlinja er tilgjengeleg i alle LibreOffice-program.

Teiknelinja

Teiknelinja finn du dei vanlegaste teikneverktøya.

Verktøylinje for linje og fyll

Verktøylinja «Linje og fyll» inneheld funksjonar som passar til redigeringsmodusen.

Verktøylinje for tabellar

Verktøylinja for tabellar inneheld funksjonane du treng for å arbeida med tabellar. Verktøylinja kjem fram når du flyttar skrivemerket inn i ein tabell.

Tekstformateringslinja

Plasser skrivemerket i eit tekstobjekt for å få fram Tekstformateringslinja.

Biletlinje

Bruk biletlinja til å velja farge, kontrast og lysstyrke på dei valde biletobjekta.

Punktredigeringslinja

Punktredigeringslinja kjem fram når du vel eit mangekanta objekt og deretter Rediger punkt.

Innstillingslinja

Innstillingslinja kan visast med Vis → Verktøylinjer → Innstillingar.

Fargelinje

Vis eller gøym Fargelinja. For å endra fargepaletten som vert vist, vel Format → Område, og gå til fana Fargar.

Statuslinja

Statuslinja viser informasjon om dokumentet og om merkte objekt. Du kan dobbeltklikka på nokre av elementa i statuslinja for å opna eit tilhøyrande dialogvindauge.

3D-innstillingar

Verktøylinja 3D-innstillingar har funksjonar som styrer eigenskapane til dei valde 3D-objekta.

Fontwork

Verktøylinja for Fontwork vert opna når du vel eit Fontworkobjekt.

Set inn