Menyar

Nedanfor er alle menyane, undermenyane og dialogvindauga i LibreOffice Draw skildra.

Merknadsikon

Det vindauget som inneheld det dokumentet du vil arbeida med må vera vald for at du skal kunna bruka menyane. Du må òg velja eit objekt i dokumentet før du kan bruka menyval som høyrer til det objektet.


Åtvaringsikon

Menyane endrar seg med samanhengen, slik at menyvala passar til det du arbeider med. Dersom skrivemerket står i ein tekst, kan du bruka alle dei menyvala som har med tekst å gjera. Dersom du har merkt eit bilete, er menyvala tilpassa biletredigering.


Fil

Denne menyen inneheld funksjonar som for eksempel opna, lukk og skriv ut. Du kan avslutta LibreOffice Draw med Avslutt.

Rediger

Funksjonane i denne menyen kan du bruka til å redigera Draw-teikningar (for eksempel klipp og lim).

Vis

Styrer eigenskapane til Draw-dokument.

Set inn

Denne menyen lèt deg setja inn element i Draw-teikningar, som for eksempel andre teikningar og hjelpelinjer.

Format

Inneheld funksjonar du kan bruka til å formatera utsjånaden og innhaldet i teikninga.

Verktøy

I denne menyen finn du verktøy for LibreOffice Draw. Du kan òg endra språk og andre innstillingar.

Endra

Inneheld funksjonar du kan bruka til å arbeida med objekt i dokumentet.

Vindauge

Inneheld funksjonar du kan bruka til å endra og visa dokumentvindauge.

Hjelp

Frå hjelpemenyen kan du opna og bla i hjelpesystemet for LibreOffice.