bookmark_value>

Leggja til tekst

Det er fleire typar tekst du kan leggja til på teikningar eller i presentasjonar:

Leggja til eit skrivefelt

  1. Trykk på knappen Tekst Ikon og flytt peikaren til der du vil ha skrivefeltet.

  2. Dra eit skrivefelt til den storleiken du vil ha det i dokumentet.

  3. Skriv eller lim inn teksten i skrivefeltet.

Dobbeltklikk på teksten for å redigera han eller dei tilhøyrande eigenskapane, som storleik og farge. Trykk på kantlinja til skrivefeltet for å redigera objekteigenskapane, som for eksempel kantfarge eller plassering føre eller bak andre objekt.

Tilpassa tekst til rammer

  1. Lag eit skrivefelt som forklart i stega over.

  2. Med tekstobjektet valt, vel du Format → Tekst. Dialogvindauget Tekst vert då opna.

  3. I fana Tekst fjernar du krysset for Tilpass høgda til teksten, og kryss deretter av for Tilpass til ramme. Trykk OK.

  4. Du kan nå endre storleiken på skrivefeltet ved å endre storleiken og forma på tekstteikna.

Knyta tekst til bilete

Du kan leggja tekst til eit bilete etter at du har dobbeltklikka på det.

Bruk innstillingane i Format → Tekst for å velja kvar teksten skal plasserast.

  1. Trykk på pila ved sida av ikonet Snakkebobler Ikon for å opna verktøylinja for snakkebobler.

  2. Vel ei snakkeboble og flytt musepeikaren til den staden du vil at ho skal starta på.

  3. Dra for å teikna opp snakkeboble.

  4. Skriv inn teksten.

Kopiera tekst

  1. Marker ein tekst i eit Writer-dokument.

  2. Kopier teksten til utklippstavla (Rediger → Kopier).

  3. Trykk på sida eller lysbiletet du vil lima inn teksten på.

  4. Lim inn teksten med Rediger → Lim inn eller Rediger → Lim inn utval.

    Ved å bruka Lim inn utval kan du velja kva tekstformat som skal setjast inn. Avhengig av formatet kan du òg kopiera ulike teksteigenskapar.

Importera tekst

  1. Trykk på sida eller lysbiletet du vil importera teksten til.

  2. Vel Set inn → Fil.

  3. Vel ei tekstfil (*.txt) eller ei HTML-fil, og trykk på Set inn. Dialogvindauget Set inn tekst vert då opna. Trykk OK for å setja inn teksten.