Gruppera objekt

Du kan slå saman fleire objekt til ei gruppe, slik at dei oppfører seg som eit enkeltobjekt. Du kan endra eigenskapane (for eksempel linjestorleik og fyllfarge) til alle objekta i ei gruppe på éin gong, men òg for individuelle objekt. Grupper kan vera mellombels eller tildelte:

Du kan òg laga grupper av grupper. Handlingar som vert utførde på éi gruppe påverkar ikkje den relative plasseringa til enkeltobjekta i gruppa.

Gruppera objekt

Ikon

Merk objekta du vil gruppera, og vel Endra → Grupper.

For eksempel kan du gruppera alle objekta i ein firmalogo for å kunna flytta og forstørra logoen som eit enkeltobjekt.

Etter at du har gruppert objekt, vil du velja heile gruppa dersom du vel éin del av ho.

Velja objekt i en gruppe

Ikon

Du kan velja enkeltobjekt i ei gruppe ved å «gå inn i» gruppa. Dobbeltklikk på ei gruppe for å gå inn i gruppa og trykk på eit av objekta for å velja det. Du kan òg leggja til eller sletta objekt i ei gruppe i denne modusen. Objekta som ikkje er ein del av gruppa vert skuggelagde.

Ikon

Dobbeltklikk kvar som helst utanfor gruppa for å gå ut av ho.