Laga kopiar av objekt

Du kan laga éin eller fleire kopiar av eit objekt. Kopiane kan vera identiske eller ulike når det gjeld storleik, farge, kva veg dei er snudde og plassering.

I eksemplet lagar du ein myntstabel ved å laga fleire kopiar av éin enkelt ellipse.

  1. Bruk verktøyet Ellipse til å teikna ein fylt gul ellipse.

  2. Vel ellipsen og deretter Rediger → Lag kopi.

  3. Skriv inn «12» i Tal på kopiar.

  4. Skriv inn negative verdiar for Breidd og Høgd, slik at storleikane på myntane minkar i storleik og gjev ein effekt av djupn.

  5. For å velja ein fargeovergang for myntane, kan du velja ulike fargar i boksane Start og Slutt. Startfargen vert brukt på det objektet du lagar kopiar av.

  6. Trykk OK for å laga kopiane.