Teikna sektorar og segment
Den flytande verktøylinja Sirklar og ellipsar inneheld verktøy du kan bruka til å teikna ellipsar og sirklar. Du kan òg teikna segment og sektorar av sirklar og ellipsar.
Teikna ein sektor av ein sirkel eller ein ellipse
-
Opna verktøylinja Sirklar og ellipsar og trykk på anten Sirkel- eller Ellipseikonet. Musepeikaren vert då endra til eit trådkryss med eit lite ikon med ein sektor på.
-
Plasser markøren ved kanten av sirkelen du vil teikna, og teikn opp sirkelen.
For å laga ein sirkel ved å teikna han opp frå sentrum, hald inne TilvalAlt medan du trekkjer opp sirkelen.
-
Slepp museknappen når sirkelen har fått ønskt storleik. Ei linje som svarar til sirkelradiusen vert då vist i sirkelen.
-
Plasser markøren der du vil plassera den første grensa til sektoren og trykk på musa.
Sidan radiuslinja som følgjer markøren er avgrensa til grensene i sirkelen, kan du trykka kvar som helst i dokumentet.
-
Set markøren der du vil plassera den andre grensa til sektoren og klikk. Den ferdige sektoren vert då vist.
For å teikna eit segment av ein sirkel eller ein ellipse, følg trinna for å laga ein sektor basert på ein sirkel.
For å teikna ein boge basert på ein ellipse, vel eit av bogeikona og følg dei same trinna som for å laga ein sektor basert på ein sirkel.