Slå saman objekt og laga former

Samanslåtte teikneobjekt oppfører seg som grupperte objekt, med unntak av at du ikkje kan kan gå inn i gruppa for å redigera enkeltobjekta.

Merknadsikon

Du kan berre slå saman 2D-objekt.


Slå saman 2D-objekt

  1. Vel to eller fleire 2D-objekt.

  2. Vel Endra → Slå saman.

Til skilnad frå objektgrupper, overtek eit samanslått objekt eigenskapane til det nedste objektet i stabelrekkjefølgja. Du kan dela opp att samanslåtte objekt, men dei opphavlege objekteigenskapene går tapt.

Når du slår saman objekt, dukkar det opp hòl der objekta overlappar kvarandre.

Illustrasjon av samanslåing av objekt

I illustrasjonen er dei samanslåtte objekta til høgre, medan dei som ikkje er slått saman er til venstre.

Laga former

Du kan laga former ved å bruka funksjonane Former → Slå saman, Trekk frå og Snitt på to eller fleire teikneobjekt.

Merknadsikon

Formfunksjonane verkar berre på 2D-objekt.


Former som vert laga tek over eigenskapene til det nedste objektet i stabelen.

Laga ei form

  1. Vel to eller fleire 2D-objekt.

  2. Vel Endra → Former og éin av desse:

Formfunksjonar

I dei følgjande illustrasjonane er originalobjekta til venstre og dei endra formene til høgre.

Endra → Former → Slå saman

Illustrasjon av samanslåing av former

Legg området til dei valde objekta til i området til det nedste objektet i stabelen.

Endra → Former → Trekk frå

Illustrasjon av fråtrekking av former

Trekkjer området til dei valde objekta frå området til det nedste objektet i stabelen.

Former → Snitt

Illustrasjon av snitt mellom former

Det overlappande området til dei valde objekta dannar ei ny form.

Området utanfor overlappinga vert fjerna.