Stilla opp, justera og fordela objekt

Stilla opp objekt

Alle objekta du set inn i dokumentet vert lagde oppå tidlegare objekt. For å endra på stabelplasseringa til eit av objekta kan du gjera dette:

  1. Trykk på objektet du vil flytta i stabelen.

  2. Vel Endra → Still opp og vel eit av alternativa i undermenyen:

    Flytt fremst flyttar objektet framom alle andre objekt.

    Flytt framover flyttar objektet éin plass framover i stabelen.

    Flytt bakover flyttar objektet éin plass bakover i stabelen.

    Flytt bakarst flyttar objektet bak alle andre objekt.

    Bak objektet plasserer objektet bak eit anna objekt som du vel.

Flytta eit objekt bak eit anna objekt

  1. Trykk på objektet du vil flytta i stabelen.

  2. Vel Endra → Still opp og vel Bak objektet. Musepeikaren vert då til ei hand.

  3. Trykk på det objektet du vil plassera det valde objektet bak.

Byt om rekkjefølgja på to objekt

  1. Hald nede Shift-tasten og trykk på begge objekta for å velja dei.

  2. Vel Endra → Still opp, og vel Snu i undermenyen.

Justera objekt

Funksjonen Justering lèt deg justera objekt i høve til kvarandre, eller i høve til sida.

  1. Vel eitt objekt for å justera det til sida, eller vel fleire objekt for å justera dei i høve til kvarandre.

  2. Vel Endra → Justering, og vel eit av justeringsvala.

Fordela objekt

Dersom du vel tre eller fleire objekt i Draw, kan du bruka funksjonen Fordeling til å fordela den loddrette og vassrette avstanden likt mellom objekta.

  1. Vel tre eller fleire objekt som skal fordelast.

  2. Vel Endra → Fordeling.

  3. Vel dei vassrette og loddrette fordelingsinnstillingane, og trykk OK.

Dei valde objekta vert fordelte likt langs den vassrette eller loddrette aksen. Dei to yttarste objekta vert brukte som som referansepunkt og vert ikkje flytt når du bruker funksjonen Fordeling.