Bruka diagram i LibreOffice

Med LibreOffice kan du presentera data grafisk i diagram, slik at du visuelt kan samanlikna dataseriar og sjå trendar i dataa. Du kan setja inn diagram i rekneark, tekstdokument, teikningar og presentasjonar.

Diagramdata

Diagram kan byggja på desse dataane:

  1. Reknearkverdiar frå celleområde i Calc

  2. Celleverdiar frå ein tabell i Writer

  3. Verdiar som du skriv inn i dialogvindauget «Diagramdatatabell» (du kan laga desse diagramma i Writer, Draw eller Impress, og du kan også lima dei inn i Calc)

Setja inn eit diagram

Setja inn diagram

Veja diagramtype

Redigera eit diagram

  1. Klikk på eit diagram for å redigera objekteigenskapane:

    Storleik og plassering på gjeldande side.

    Justering, tekstbryting, ytre rammer og meir.

  2. Dobbeltklikk på eit diagram for å redigera det:

    Diagramdataverdiar (for diagram med eigne data)

    Diagramtype, aksar, titlar, veggar, rutenett m.m.

  3. Dobbeltklikk på eit diagramelement når du redigerer diagrammet:

    Dobbeltklikk på ein akse for å redigera skaleringa, type, farge m.m.

    Dobbeltklikk på eit datapunkt for å redigera dataserien som datapunktet høyrer til.

    Når ein dataserie er markert, kan du klikka og deretter dobbeltklikka på eit datapunkt for å redigera eigenskapane for dette datapunktet (for eksempel ein einskild stolpe i eit stolpediagram).

    Dobbeltklikk på ei forklaring for å redigera ho. Klikk og deretter dobbeltklikk på eit symbol i den valde forklaringa for å redigera dataserien som høyrer til.

    Dobbeltklikk på alle andre diagramelement, eller klikk på elementet for å opna formatmenyen, for å redigera eigenskapane.

  4. Trykk utanfor diagrammet for å avslutta redigeringa

Tipsikon

For å skriva ut eit diagram i høg oppløysing, kan du eksportera det til ei PDF-fil og deretter skriva ut denne fila.


I redigeringsmodus for diagrammet vert verktøylinja «Formatering» for diagrammet vist nær den øvre kanten av dokumentet. Verktøylinja for teikneverktøya vert vist nedst i dokumentet. Denne verktøylinja viser symbola for Teikning frå Draw og Impress.

Du kan høgreklikka på eit element for å opna lokalmenyen for elementet. Denne menyen inneheld mange kommandoar for å formatera elementet.

Redigera diagramtitlar

Redigera diagramaksar

Redigera diagramforklaringar

Leggja til tekstur på diagramsøyler

3D-vising