Diagramvegvisaren – Diagramtype

Du kan velja diagramtype på den første sida av diagramvegvisaren.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Diagram ….

Icon

Vel Set inn → Diagram.


Du kan trykkja Shift+F1 og peika på ein kontroll for å finna ut meir om denne kontrollen.

Slik vel du ein diagramtype

  1. Vel ein grunntype for diagrammet: ved å trykkja på ei av oppføringane «stolpe», «søyle», «kakestykke» og så vidare.

    Innhaldet på høgre side vert endra for å gje deg fleire val, avhengig av grunntypen.

  2. Viss du vil, kan du velja mellom innstillingane. Førehandsvinga i dokumentet vert oppdatert når du gjer endringar i vegvisaren slik at du kan sjå korleis diagrammet vil sjå ut.

Trykk Shift + F1 og peik på eit kontrollelement for å sjå den utvida hjelpeteksten.

Trykk på Fullfør på kva side som helst for å lukka vegvisaren og laga diagrammet med dei gjeldande innstillingane.

Trykk på Neste for å sjå den neste sida i vegvisaren, eller trykk på ei oppføring på venstre side av vegvisaren for å gå til den sida.

Trykk på Førre for å sjå den førre sida i vegvisaren.

Trykk på Avbryt for å lukka vegvisaren utan å laga diagrammet.