Kakediagram

Du kan velja diagramtype på den første sida av diagramvegvisaren.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Diagram ….

Icon

Vel Set inn → Diagram.


Kake

Eit kakediagram viser verdiar som sektorar (kakestykke) i ein sirkel. Lengda på ein boge eller arealet til ein sektor er proporsjonal med verdien han har.

Kake – denne undertypen viser sektorane som farga område i ei heil kake, men berre for éin datakolonne. I diagrammet kan du trykkja på og dra i ein sektor for å dela han frå kaka eller for å festa han til ho igjen.

Kakediagram med avstand – denne undertypen viser sektorane delte frå kvarandre. I diagrammet kan du trykkja på og dra i ein sektor for å flytta han langs ei linje frå sentrum i kaka.

Smultring – denne undertypen kan visa fleire datakolonnar. Kvar datakolonne vert vist som ei smultringform med eit hol i midten der den neste datakolonnen kan visast. I diagrammet kan du trykkja på og dra i ein ytre sektor for å flytta han langs ei linje frå sentrum av smultringen.

Smultringdiagram med avstand – denne undertypen viser dei ytre sektorane delte frå resten av smultringen. I diagrammet kan du trykkja på og dra i ein ytre sektor for å flytta han langs ei linje frå sentrum i smultringen.