Søyle-og-linjediagram

Du kan velja diagramtype på den første sida i diagramvegvisaren.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Diagram ….

Icon

Vel Set inn → Diagram.


Søyle og linje

Eit søyle-og-linjediagram er ein kombinasjon av eit søylediagram og eit linjediagram.

Vel ein av variantane

Du kan setja inn ein sekundær Y-akse med Set inn → Aksar etter at du har avslutta vegvisaren.

Slik spesifiserer du eit dataområde

Kolonnane lengst til venstre (eller dei øvste radene) inneheld dataa som vert viste som kolonneobjekt. Dei andre kolonnane eller radene i dataområdet inneheld dataa som vert viste som linjeobjekt. Du kan endra denne tildelinga i dialogvindauget Dataseriar.

  1. Merk dataområde

  2. Vel anten dataseriar i rader eller dataseriar i kolonnar.

  3. Kontroller om dataområdet har overskrifter i første rad, i første kolonne eller begge delar.

Ordna dataseriar

Lista «Dataseriar» viser alle dataseriane i det gjeldande diagrammet.

Dataseriane som vert viste som kolonnar, står øvst i lista, medan dei som vert viste som linjer, står nedst.

Redigera dataseriar

  1. Klikk på ei oppføring i lista for å visa og redigera eigenskapane for denne oppføringa.

    I lista med dataområde ser du rollenamna og celleområda til dataseriane.

  2. Klikk på ei oppføring og rediger så innhaldet i tekstfeltet nedanfor.

    Etiketten ved tekstfeltet viser den valde rolla.

  3. Skriv inn området eller bruk Vel dataområde for å forminska dialogvindauget og velja området med musa.

Området til ein datafunksjon, som y-verdiar, må ikkje innehalda overskriftsceller.

Endra kategoriar eller dataoverskrifter

Verdiane i området kategoriar vert viste som overskrifter på X-aksen.

Setja inn diagramelement

Bruk sida diagramelement i diagramvegvisaren for å setja inn desse elementa:

Bruk menyen innsetjingsmenyen når diagrammet er i redigeringsmodus for å setja inn andre element. Du kan velja mellom desse elementa:

Bruk eigenskapsvindauget til dataserien for å velja forskjellige dataoverskrifter for kvar dataserie.