Stolpe- og søylediagram

Du kan velja diagramtype på den første sida av diagramvegvisaren.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Diagram ….

Icon

Vel Set inn → Diagram.


Kolonne

Denne typen viser eit stolpediagram med loddrette søyler. Høgda på kvar søyle er proporsjonal med verdien til søyla. X-aksen viser kategoriane. Y-aksen viser verdien til kvar kategori.

Normal – denne undertypen viser alle dataverdiar som høyrer til ein kategori ved sida av kvarandre. Hovudfokuset ligg på dei individuelle absolutte verdiane samanlikna med kvar av dei andre verdiane.

Stabla – denne undertypen viser dataverdiane til kvar kategori oppå kvarandre. Hovudfokuset ligg på den samla verdien til kategoriane og kor mykje kvar verdi bidrar innan sin kategori.

Prosent stabla – denne undertypen viser kvar verdi som ein prosent av totalverdien for kategorien. Hovudfokuset ligg på bidraget kvar verdi har til totalverdien av kategorien relativt til andre verdiar i kategorien.

Du kan slå på 3D-vising for dataverdiane. Valet «realistisk» prøver å gje ein best mogleg 3D-utsjånad. Valet «enkel» prøver å etterlikna diagramvisinga i andre kontorprogram.

I 3D-diagram kan du velja forma på kvar dataverdi som boks, sylinder, kjegle og pyramide.

Stolpe

Denne typen viser eit søylediagram med vassrette søyler. Lengda på kvar søyle er proporsjonal med verdien han har. Y-aksen viser kategoriane. X-aksen viser verdien for kvar kategori.

Undertypane er dei same som for søylediagram.