Eigenskapar for jamne linjer

Du kan velja å visa kurver i staden for rette linjer i diagram som viser linjer (linjetypar og XY-typar). Nokre val styrer eigenskapane til slike kurver.

For å bruka denne funksjonen …

I dialogvindauget for diagramtype for eit linjediagram eller XY-diagram (spreiingsdiagram) som viser linjer, kan du velja «Stegvis» i nedtrekkslista «Linjetype» og deretter klikka på knappen «Eigenskapar».


Du kan trykkja Shift+F1 og peika på ein kontroll for å finna ut meir om denne kontrollen.

Endra linjeeigenskapar

  1. Vel kubisk spline eller B-spline.

    Desse er matematiske modellar som påverkar visinga av kurvene. Kurvene vert laga ved å setja saman segment av mangekantar.

  2. Du kan setja oppløysninga, men det er valfritt. Ein høgare verdi gjev ei jamnare linje.

  3. For B-splinelinjer kan du setja graden av polynom.