Diagramgolv

Opnar dialogvindauget Diagramgolv, der du kan endra eigenskapane til diagramgolvet. Diagramgolvet er det nedste området i eit 3D-diagram, så funksjonen er berre tilgjengeleg for 3D-diagram.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Diagramgolv (i diagram)


Linje

Vel formateringa av den valde linja eller for dei linjene du vil teikna. Du kan også leggja til pilspissar på ei linje eller endra henne til eit diagramsymbol.

Område

Vel fyllstil på det valde teikneobjektet.

Gjennomsikt

Vel innstillingar for gjennomsikt for fyllet som skal brukast på det valde objektet.

Tilbakestill

Set endringane som er gjort i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna.