Aksar

Opnar eit dialogvindauge der du kan redigera eigenskapane til den valde aksen. Namnet på dialogvindauget er avhengig av kva for akse som er vald.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Akse → X-akse/Sekundær X-akse/Z-akse/Alle aksane (i diagram)


Y-aksen har eit utvida dialogvindauge. I X-Y-diagram har også X-aksen fleire val under fana Målestokk.

Merknadsikon

Skalering av X-aksen er berre mogleg i XY-diagram.


Linje

Vel formateringa av den valde linja eller for dei linjene du vil teikna. Du kan også leggja til pilspissar på ei linje eller endra henne til eit diagramsymbol.

Teikn

Vel kva format og skrift du vil bruka.

Justering

Endrar justeringa av aksar eller titlar.