Justering
Endrar justeringa av aksar eller titlar.
Nokre av alternativa er ikkje tilgjengelege for alle etikettane. For eksempel er det forskjell på alternativa for 2D- og 3D-objektetikettar.
Vis etikettar
Oppgje om du vil visa eller gøyma titlane på aksane.
Aksetitlar på/av-knappen på Format-linja let deg visa og gøyma aksetitlane for alle aksane.
Rotera tekst
Viser tekstretningane for celleinnhald. Trykk på ein av «ABCD»-knappane for å velja ei retning.
ABCD-hjul
Eit klikk kvar som helst på hjulet endrar tekstretninga. Bokstavane «ABCD» viser den nye innstillinga.
ABCD-knapp
Bruker loddrett tekstretning på innhaldet i cellene.
Viss du vel ein loddrett x-aksetittel, kan det henda at teksten vert kutta av linja til x-aksen.
Gradar
Gjev deg høve til å setja vinkelen på tekstretninga manuelt.
Tekstflyt
Bestemmer tekstflyten for dataoverskrifta.
Overlapping
Gjer at teksten i cellene kan overlappa andre celler. Dette kan vera nyttig om du har liten plass. Dette alternativet kan ikkje brukast saman med andre tekstretningar for titlane.
Kopla frå
Tillet tekstbryting.
Desse vala er ikkje tilgjengelege for alle diagramtypane:
Rekkjefølgje
Innstillingane på denne fana er berre tilgjengelege for 2D-diagram (Format → Akse → Y-akse eller X-akse). I dette området kan du velja plasseringa av tala på X- eller Y-aksen.
Jamsides
Ordnar tala på aksen ved sidan av kvarandre.
Ulike forskyvingar
Viser tala på aksen i sikk-sakk; partal lågare enn oddetal.
Forskyv partal
Viser tala på aksen i sikk-sakk; oddetal lågare enn partal.
Automatisk
Set opp tala på aksen automatisk.
Det kan vera vanskeleg å visa dataoverskriftene viss diagrammet er svært lite. Du kan unngå dette problemet ved å forstørra visinga eller ved å minska skriftstorleiken.
Tekstretning
Vel tekstretninga for eit avsnitt som bruker kompleks tekstutforming (CTL). Dette valet er berre tilgjengeleg om støtte for kompleks tekst er slått på.