Dataseriar

Bruk denne for å endra innstillingane for den merkte dataserien. Dialogvindauget kjem opp når det er berre éin dataserie merkt når du vel Format → Formater utvalet. Nokre av menyinnslaga er berre tilgjengelege for 2D- eller 3D-diagram.

Merknadsikon

Endringane som vert gjort her påverkar heile dataserien. Viss du for eksempel endrar fargen, vil alle elementa som høyrer til denne dataserien få den nye fargen.


For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Formater utvalet → Dataseriar (i diagram)


Linje

Vel formateringa av den valde linja eller for dei linjene du vil teikna. Du kan også leggja til pilspissar på ei linje eller endra henne til eit diagramsymbol.

Område

Vel fyllstil på det valde teikneobjektet.

Gjennomsikt

Vel innstillingar for gjennomsikt for fyllet som skal brukast på det valde objektet.

Vel kva format og skrift du vil bruka.

Dataoverskrifter

Opnar dialogvindauget Dataoverskrifter som lar deg stille inn dataoverskrifter.

Y-feilstolpar

Bruk dialogvindauget X- eller Y-feilstolpar for å visa feilstolpane for 2D-diagram.

Innstillingar

Bruk dette dialogvindauget for å setja nokre innstillingar som er tilgjengelege for bestemte diagramtypar. Innhaldet i dialogvindauget for innstillingar varierer i høve til diagramtypen.

Tilbakestill

Set endringane som er gjort i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna.