Datapunkt

Dette dialogvindauget vert brukt til å endra eigenskapane for eit merkt datapunkt. Dialogvindauget kjem opp når det er berre eitt datapunkt merkt når du vel Format → Formater utvalet. Nokre av menyinnslaga er berre tilgjengelege for 2D- eller 3D-diagram.

Merknadsikon

Endringane påverkar berre dette eine datapunktet. Viss du for eksempel endrar fargen på ei linje, vil berre den linja få ny farge.


For å bruka denne funksjonen …

Vel dialogvindauget Format → Formatval → Datapunkt (diagram)


Linje

Vel formateringa av den valde linja eller for dei linjene du vil teikna. Du kan også leggja til pilspissar på ei linje eller endra henne til eit diagramsymbol.

Område

Vel fyllstil på det valde teikneobjektet.

Gjennomsikt

Vel innstillingar for gjennomsikt for fyllet som skal brukast på det valde objektet.

Vel kva format og skrift du vil bruka.

Dataoverskrifter

Opnar dialogvindauget Dataoverskrifter som lar deg stille inn dataoverskrifter.

Tilbakestill

Set endringane som er gjort i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna.