Formater utvalet …

Formaterer det merkte objektet. Avhengig av kva objekt som er merkt, vil kommandoen opna dialogvindauge som du også kan opna ved å velja denne kommandoen frå menyen Format:

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Formater utvalet (i diagram)


Diagramvegg

Opnar dialogvindauget Diagramvegg, der du kan endra innstillingane for diagramveggen. Diagramveggen er bakgrunnen bak dataområdet i diagrammet.

Diagramområde

Opnar dialogvindauget Diagramområde, der du kan endra innstillingane for diagramområdet. Diagramområdet er bakgrunnen bak alle elementa i diagrammet.

Diagramgolv

Opnar dialogvindauget Diagramgolv, der du kan endra eigenskapane til diagramgolvet. Diagramgolvet er det nedste området i eit 3D-diagram, så funksjonen er berre tilgjengeleg for 3D-diagram.

Tittel

Endrar eigenskapane til den valde tittelen.

Forklaring

Vel kantlinje, bakgrunn og skrifteigenskapar til ei forklaring.

X-akse

Opnar eit dialogvindauge der du kan redigera eigenskapane til den valde aksen.

Y-akse

Opnar dialogvindauget Y-akse, der du kan endra eigenskapane for Y-aksen.

Rutenett

Opnar dialogvindauget Rutenett der du kan velja eigenskapar for rutenettet.

Datapunkt

Dette dialogvindauget vert brukt til å endra eigenskapane for eit merkt datapunkt. Dialogvindauget kjem opp når det er berre eitt datapunkt merkt når du vel Format → Formater utvalet. Nokre av menyinnslaga er berre tilgjengelege for 2D- eller 3D-diagram.

Dataseriar

Bruk denne for å endra innstillingane for den merkte dataserien. Dialogvindauget kjem opp når det er berre éin dataserie merkt når du vel Format → Formater utvalet. Nokre av menyinnslaga er berre tilgjengelege for 2D- eller 3D-diagram.

Tilbakestill

Set endringane som er gjort i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna.