X-/Y-feilstolpar

Bruk dialogvindauget X- eller Y-feilstolpar for å visa feilstolpane for 2D-diagram.

Viss eit element i ein dataserie er merkt, vil denne kommandoen berre verka på denne. Viss ingen element er merkte, vil denne kommandoen verka på alle dataseriane.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → X-feilstolpar eller Set inn → Y-feilstolpar (diagram)


Ein feilstolpe er ei indikatorlinje som går over eit område frå x/y - (negativ) til x/y + (positiv) feilverdi. I dette tilfellet er x eller y verdien av datapunkta. Når «standardavviket» er merkt, er x eller y middelverdien for dataserien. Negativfeilverdi og positivfeilverdi er verdiane rekna ut av feilstolpefunksjonen eller er gjeve spesielt.

Merknadsikon

Menykommandoen Set inn → X-/Y-feilstolpar er berre tilgjengeleg for 2D-diagram.


Feilkategori

I feltet Feilkategori kan du velja korleis feilkategorien skal visast.

Ingen

Ikkje vis feillinjene.

Konstantverdi

Viser konstantverdiar som er sette i parameterområdet.

Prosentdel

Viser ein prosentdel. Visinga refererer til det tilhøyrande datapunktet. Set prosentverdien i området for parameter.

Funksjonar

Vel ein funksjon for å rekna ut feilstolpane.

Standardfeil: Viser standardfeilen.

Varians: Viser variansen rekna ut frå talet på datapunkt og dei respektive verdiane deira.

Standardavvik: Viser standardavviket (kvadratrota av variansen). Ulikt andre funksjonar, vert feilstolpane sentrerte på middelverdien.

Feilmargin: Viser den høgaste feilmarginen i prosent i forhold til den høgaste verdien i datagruppa. Set prosenten i området for parameter.

Celleområde

Vel «Celleområde» og vel celleområdet som dei positive og negative feilstolpane skal hentast frå.

Frå datatabell

For eit diagram som har sine eigne data kan feilstolpeverdiane skrivast inn i datatabellen for diagrammet. Datatabellen vil visa tilleggskolonnar med namngjeve som positive X- eller Y-feilstolpar og negative X- eller Y-feilstolpar.

Same verdi for begge

Merk av denne for å bruka dei positive feilverdiane også som negative feilverdiane. Du kan berre endra verdien i feltet «Positiv (+)». Denne verdien vert automatisk kopiert inn i feltet «Negativ (-)»

Feilindikator

Gjev feilindikatoren.

Positiv og negativ

Vis positive og negative feilstolpar.

Positiv

Vis berre positive feilstolpar.

Negativ

Vis berre negative feilstolpar.