Dataoverskrifter
Opnar dialogvindauget Dataoverskrifter som lar deg stille inn dataoverskrifter.
Viss eit element i ein dataserie er merkt, vil denne kommandoen berre verka på denne. Viss ingen element er merkte, vil denne kommandoen verka på alle dataseriane.
Vis verdi som tal
Vis absoluttverdiane for datapunkta.
Talformat
Opnar eit dialogvindauge der du kan velja talformat.
Vis verdi som prosent
Viser prosentdelen av datapunkta i kvar kolonne.
Prosentformat
Opnar eit dialogvindauge der du kan velja prosentformatet.
Vis kategori
Viser tekstetikettane til datapunkta.
Vis forklaringsnøkkel
Viser forklaringsikona ved sidan av etiketten til kvart datapunkt.
Skiljeteikn
Vel skiljeteiknet for å skilja fleire tekststrenger i det same objektet.
Plassering
Vel plasseringa til dataoverskrifter i høve til objekta.
Tekstretning
Vel tekstretninga for eit avsnitt som bruker kompleks tekstutforming (CTL). Dette valet er berre tilgjengeleg om «Bruk for kompleks tekst (CTL)» er slått på.
Roter tekst
Klikk på den runde skiva for å bestemma retninga på teksten i dataetiketten.
Skriv inn vinkelen for å rotera dataetiketten mot klokka.