Statuslinja

Statuslinja viser informasjon om det gjeldande reknearket.

Posisjon i dokumentet

Viser nummeret for det gjeldande arket og kor mange ark det er i heile reknearket.

Denne sidestilen

Viser den gjeldande sidestilen. Dobbeltklikk for å redigera stilen, eller høgreklikk for å velja ein annan stil.

Skalering

Viser den gjeldande skaleringsfaktoren for sidevisinga.

Innsetjingsmodus

Viser den gjeldande innsetjingsmodusen. Du kan veksla mellom «INN» (sett inn) og «OVER» (skriv over).

Merkingsmodus

Her kan du byte mellom ulike markeringsmodus.

Dokumentendring

Viss det er gjort endringar i dokumentet sidan det sist vart lagra, vert «*» vist i dette feltet på statuslinja. Dette gjeld også nye dokument som ikkje er lagra ennå.

Digital signatur

Sjå også Digitale signaturar.

Standardformel, Dato/klokkeslett, Feilmelding

Viser informasjon om dokumentet. Som standard vert summen av innhaldet i dei valde cellene vist.