Formellinja
Bruk denne linja til å skriva inn formlar.
Namnefelt
Viser referansen for den valde cella, celleområdet eller namnet på området. Du kan også velja eit celleområde og deretter velja eit namn for dette i namneboksen.
Summer
Legg summen av eit celleområde inn i den gjeldande cella eller set summerte verdiar inn i markerte celler. Klikk i ei celle, trykk på denne knappen og eventuelt juster celleområdet. Du kan også velja nokre celler som dei summerte verdiane skal setjast inn i og deretter klikka denne knappen.
Funksjon
Legg ein formel til den valde linja. Trykk denne knappen og skriv inn formelen i inndatalinja.
Avbryt
Slettar innhaldet i inndatalinja, eller forkastar endringane du har gjort i ein eksisterande formel.
Inndatalinje
Skriv inn formelen du vil leggja til i gjeldande celle. Du kan òg klikka på knappen for funksjonsvegvisaren for å setja inn ein førehandsvald funksjon i formelen.