Tekstformateringslinja
Tekstformateringslinja som vert vist når skrivemerket er i eit tekstobjekt (for eksempel ei tekstramme eller ei teikning) inneheld formaterings- og justeringfunksjonar.
Skriftnamn
Vel eit skriftnamn frå lista eller skriv inn namnet på ei skrift direkte.
Du kan skriva inn fleire skrifttypar, skilde med semikolon. Dersom den første skrifttypen ikkje finst, prøver LibreOffice dei neste skrifttypane i rekkjefølgje.
Skriftstorleik
Du kan velja mellom ulike skriftstorleikar frå denne lista, eller du kan skriva inn storleiken manuelt.
Halvfeit
Gjer den merkte teksten om til halvfeit skrift. Viss skrivemerket er i eit ord vert heile ordet i halvfeit skrift. Viss den merkte teksten eller ordet allereie er halvfeit, så vert formateringa fjerna.
Kursiv
Gjer den merkte teksten om til kursiv skrift. Viss skrivemerket er i eit ord vert heile ordet i kursiv. Viss den merkte teksten eller ordet allereie er i kursiv så vert formateringa fjerna.
Skriftfarge
Klikk for å bruka den gjeldande skriftfargen på dei merkte teikna. Du kan også klikka her og laga ei markering for å endra tekstfargen. Klikk på pila ved sida av symbolet for å opna verktøylinja for skriftfarge.