Formateringslinja

Formateringslinja inneheld grunnleggjande funksjonar for å bruka manuell formatering.

Stilar

Vel om dialogvindauget for stilar skal visast eller gøymast. Der kan du også tildela og organisera stilar.

Ikon

Stilar

Skriftnamn

Vel eit skriftnamn frå lista eller skriv inn namnet på ei skrift direkte.

Du kan skriva inn fleire skrifttypar, skilde med semikolon. Dersom den første skrifttypen ikkje finst, prøver LibreOffice dei neste skrifttypane i rekkjefølgje.

Ikon

Skriftnamn

Skriftstorleik

Du kan velja mellom ulike skriftstorleikar frå denne lista, eller du kan skriva inn storleiken manuelt.

Halvfeit

Gjer den merkte teksten om til halvfeit skrift. Viss skrivemerket er i eit ord vert heile ordet i halvfeit skrift. Viss den merkte teksten eller ordet allereie er halvfeit, så vert formateringa fjerna.

Ikon

Halvfeit

Kursiv

Gjer den merkte teksten om til kursiv skrift. Viss skrivemerket er i eit ord vert heile ordet i kursiv. Viss den merkte teksten eller ordet allereie er i kursiv så vert formateringa fjerna.

Ikon

Kursiv

Understreking

Understrekar eller fjernar understreking frå teksten.

Ikon

Understreka

Skriftfarge

Klikk for å bruka den gjeldande skriftfargen på dei merkte teikna. Du kan også klikka her og laga ei markering for å endra tekstfargen. Klikk på pila ved sida av symbolet for å opna verktøylinja for skriftfarge.

Ikon

Skriftfarge

Venstrejustert

Venstrejuster innhaldet i den valde cella.

Ikon

Venstrejustert

Midtstilt vassrett

Midtstiller innhaldet i cella vassrett.

Ikon

Høgrejustert

Høgrejuster innhaldet i den valde cella.

Ikon

Høgrejustert

Blokkjustert

Blokkjuster innhaldet i cella.

Ikon

Blokkjustert

Talformat: Valuta

Bruk standard valutaformat på dei valde cellene.

Ikon

Talformat: Valuta

Talformat: Prosent

Bruk prosentformat på dei valde cellen.

Ikon

Talformat: Prosent

Talformat frå cellestilen «Standard»

Bruk standard talformat på dei valde cellene.

Ikon

Talformat: Standard

Talformat: Legg til tal bak komma

Legg ein desimal til tala i dei valde cellene.

Ikon

Talformat: Legg til tal bak komma

Talformat: Fjern tal bak komma

Fjern ein desimal frå tala i dei valde cellene.

Ikon

Talformat: Fjern tal bak komma

Mindre innrykk

Trykk på knappen Minka innrykk for å redusera venstreinnrykket på gjeldande avsnitt eller celleinnhald og setja det til førre tabulatorstopp.

Ikon

Mindre innrykk

Større innrykk

Trykk på knappen «Større innrykk» for å auka venstreinnrykket på gjeldande avsnitt eller celleinnhald og setja det til neste tabulatorstopp.

Ikon

Større innrykk

Kantlinjer

Trykk på knappen Kantlinjer for å opna verktøylinja for kantlinjer. Der kan du endra kantlinjene til eit ark eller objekt.

Ikon

Kantlinjer

Bakgrunnsfarge

Trykk for å opna ei verktøylinje der du kan velja ein bakgrunnsfarge for eit avsnitt. Fargen kan setjast inn i det gjeldande avsnittet eller i merkte avsnitt.

Ikon

Bakgrunnsfarge

Toppjustert

Plasser innhaldet øvst i cella.

Ikon

Toppjustert

Midtstilt loddrett

Midtstill innhaldet i cella loddrett.

Ikon

Midtjustert loddrett

Botnjustert

Plasser innhaldet nedst i cella.

Ikon

Botnjustert

Talformat: Dato

Bruker datoformat på dei valde cellene.

Talformat: Eksponential

Bruker eksponentialformatet på dei valde cellene.

Fleire ikon

Dersom CTL-støtta er på, vert to ekstra ikon synlege.

Venstre-til-høgre

Venstre-til-høgre-ikonet

Tekst vert skrive inn frå venstre mot høgre.

Høgre-til-venstre

Høgre-til-venstre-ikonet

For språk som er formatert i kompleks tekst (CTL) vert teksten skrive inn frå høgre mot venstre