Ark

Denne menyen inneheld funksjonar for å handtera ark og arkelement.

Set inn rader

Set inn rader over eller under den aktive cella.

Set inn kolonnar

Set inn ein ny kolonne til venstre eller til høgre for den aktive cella.

Dialogvindauget «Set inn sideskift»

Denne kommandoen let deg setja inn manuelle rad- og kolonneskift, så du kan vera sikker på at dataa vert skrivne ut slik du vil. Du kan setja inn eit vassrett sideskift over, eller eit loddrett sideskift til venstre for den aktive cella.

Slett celler

Slettar dei markerte cellene, kolonnane eller radene fullstendig. Cellene under eller til høgre for dei sletta cellene vil fylle tomrommet. Merk at slettevalet vert lagra og sett opp på nytt neste gong dialogvindauget vert brukt.

Slett sideskift

Vel kva slags sideskift du vil sletta.

Fyll

Fyller automatisk celler med innhald.

Slett innhald

Innhaldet som skal slettast frå den aktive cella eller det aktive celleområdet Alle arka som er valde vert påverka.

Flytt eller kopier ark

Flytter eller kopierer eit ark til ei ny plassering i dokumentet eller til eit anna dokument.

Vis ark

Viser ark som tidlegare er gøymde med Gøym-kommandoen.

Slett ark

Slettar dette arket etter å ha spurt om stadfesting.

Farge på arkfane

Opnar eit vindauge der du kan gje farge til arkfana.

Arkhendingar

Knyter makroar til programhendingar. Desse makroane køyrer automatisk kvar gong den valde hendinga vert brukt.