Data

Med funksjonane i menyen Data kan du redigera data i det gjeldande reknearket. Du kan velja område, sortera og filtrera data, rekna ut resultat, utheva data eller laga ein pivottabell.

Definer område

Definerer eit databaseområde ut i frå dei valde cellene i arket.

Vel område

Vel eit databaseområde som du har oppgjeve under Data → Definer område.

Sorter

Sorterer dei valde radene etter vilkåra som du gjev.

Filter

Visar kommandoar for å filtrere data.

Delsummar

Reknar ut delsummane for dei kolonnane du har merkt.

Gyldigheit

Definerer kva data som er gyldig for eit vald celleområde.

Fleire operasjonar

Bruker den same formelen i ulike celler, men med ulike verdiar.

Tekst til kolonnar

Opnar dialogvindauget «Tekst til kolonnar» der du skriv inn innstillingar for å fordela innhaldet av valde celler til fleire celler.

Sameina

Kombinerer data frå eitt eller fleire uavhengige celleområde og reknar ut eit nytt område ved å bruka funksjonen som du gjev.

Gruppe og disposisjon

Du kan laga ein disposisjon for dataa dine og gruppere rader og kolonnar slik at du med eit enkelt klikk kan visa og gøyma gruppene.

Pivottabell

Ein pivottabell inneheld eit samandrag av store mengder data. Du kan seinare omorganisera pivottabellen for å visa ulike samandrag av dataa.

Oppdater området

Oppdaterer eit dataområde som er sett inn frå ein ekstern database. Dataa i arket vert oppdaterte slik at dei svarar til dataa i den eksterne databasen.