Format

Formatmenyen inneheld funksjonar du kan bruka til å formatera merkte celler, objekt og celleinnhald i dokumentet.

Standardformatering

Fjernar direkte formatering og formatering med teiknstilar frå utvalet.

Celler

Let deg velja mellom mange ulike formateringsval eller til å velja celleeigenskapar.

Rad

Avgjer radhøgd og gøymer eller viser dei valde radene.

Kolonne

Vel kolonnebreidda og gøymer eller viser dei valde kolonnane.

Ark

Vel arkivnamn og gøymer eller viser dei valde arka.

Slå saman og sentrere celler

Slår saman dei markerte cellene til ei enkelt celle eller deler samanslåtte celler. Celleinnhaldet vert midtstilt.

Side

Opnar ein dialog der du kan velja utsjånaden på alle sidene i dokumentet.

Utskriftsområde

Handsam utskriftsområde. Berre celler i utskriftsområdet vert skrivne ut.

Teikn

Endrar skrifta og skriftformateringa til teikna.

Avsnitt

Endrar formateringa av avsnittet, slik som innrykk og justering.

Byta mellom store og små bokstavar

Endrar dei valde teikna frå små til store eller store til små bokstavar. Dersom skrivemerket står i eit ord, vert alle bokstavane i ordet endra.

Autoformatering

Bruk denne for å autoformatera det valde området eller å oppgje dine eigne autoformateringar.

Vilkårsformatering

Vel Vilkårsformatering for å definera formatstilar som er avhengige av spesielle vilkår.

Forankring

Vel forankringsinnstillingar for det merkte objektet.

Justera (objekt)

Juster dei valde objekta i høve til kvarandre.

Justering (tekstobjekt)

Vel justeringa for det gjeldande avsnittet.

Still opp

Endrar lag-rekkjefølgja i dei valde objekta.

Spegelvend

Snur det merkte objektet vassrett eller loddrett.

Grupper

Grupper held saman valde objekt slik at dei kan flyttast eller formaterast som eitt objekt.

Bilete

Opnar ein undermey slik at du kan endre eigenskapane til det valde objektet.

Kontrollelement

Opnar eit dialogvindauge for å redigera eigenskapane for det valde kontrollelementet.

Skjema

I dette dialogvindauget kan du mellom anna velja datakjelde og hendingar for heile skjemaet.