Set inn

Menyen «Set inn» inneheld funksjonar du kan bruka til å setja inn nye element som celler, rader, ark og cellenamn i det gjeldande reknearket.

Celler

Opnar dialogvindauget Set inn celler . Der kan du setja inn nye celler ut frå innstillingane du gjer.

Ark

Definerer dei innstillingane som skal brukast for å setja inn eit nytt ark. Du kan oppretta eit nytt ark eller setja inn eit eksisterande ark frå ei fil.

Ark frå fil

Set inn eit ark frå eit anna rekneark.

Lenkje til eksterne data

Set inn ei lenkje til data frå ei HTML-, Calc-, CSV- eller Excel-fil. Dataane må vera innanfor eit namngjeve område.

Spesialteikn

Gjer at brukaren kan setja inn teikn frå eit område med symbol funne i dei installerte skrifttypane.

Formateringsteikn

Opnar ein undermeny for å setja inn spesielle formateringsteikn som hardt mellomrom, mjuk bindestrek og mjukt linjeskift.

Hyperlenkje

Opnar eit dialogvindauge der du kan laga og redigera hyperlenkjer.

Funksjon

Opnar vegvisaren for funksjonar som hjelper deg med å laga formlar.

Namngjevne område og uttrykk

Let deg namngje dei ulike delane av reknearket. Ved å namngje dei ulike delane kan du enkelt navigera gjennom reknearka og finna informasjonen du leitar etter.

Merknad

Set inn ein merknad rundt den merkte teksten eller der markøren er.

Media

Undermenyen inneheld ulike kjelder bilete, audio og video kan setjast inn frå.

Lyd eller video

Set inn ei video- eller lydfil i dokumentet.

Objekt

Set eit innebygd objekt inn i dokumentet. Objektet kan vere formlar, 3D-modellar, diagram og OLE-objekt.

Diagram

Set inn eit diagram.

Flytande ramme

Set inn ei flytande ramme i det gjeldande dokumentet. Flytande rammer vert brukte i HTML-dokument for å visa innhaldet i ei anna fil.

Topptekst/botntekst

Gjer at du kan tilpassa og formatera topp- og botntekstar.