Vis
Denne menyen inneheld funksjonar du kan bruka til å velja korleis dokumentet skal visast på skjermen.
Normal
Viser normalvisinga av arket.
Opnar ein undermeny for å visa eller gøyma verktøylinjer. Ei verktøylinje inneheld knappar og val som gjer det lett å bruka LibreOffice-kommandoar.
Viser eller gøymer formellinja, som vert brukt til å laga og redigera formlar. Formellinja er det viktigaste verktøyet når du arbeider med rekneark.
Viser eller gøymer statuslinja nedst i vindauget.
Viser kolonnebokstavar og radnummer.
Rutelinjer for ark
Slår visinga av rutelinjene av og på på det gjeldande arket.
Visa celleinnhald i ulike fargar avhengig av type.
Vis formel
Vis formeluttrykket i cella i staden for resultatet.
Slår rutenettet og hjelpelinjene av og på for å gjera det enklare å flytta og plassera objekt på arket.
Deler arket ved øvre venstre hjørne av den merkte cella. Området oppe til venstre vert fryst, slik at det ligg i ro medan du brukar rullefelta.
Delar vindauget ved det øvre venstre hjørne av den merkte cella.
Sidepanelet er eit loddrett panel som du kan bruka for å setje eigenskapar, stilhandsaming, vise dokumentstrukturen og mediagalleriet aktuelle for det gjeldande dokumentet.
Bruk feltet «Stilhandsamar» i sidepanelet for å leggja stilar til celler eller sider. Du kan bruka, oppdatera eller endra eksisterande stilar eller laga nye.
Opnar galleriruta i sidepanelet der du kan velja bilete og lydklipp som skal setjast inn i dokumentet.
Opnar ei rute i sidepanelet med ei liste som viser alle funksjonane som kan setjast inn i dokumentet.
Viser ei liste over databasar som er registrerte i LibreOffice og let deg handsama innhaldet i databasane.
Viser eller gøymer menyane og verktøylinjenei Writer og Calc. Trykk på Fullskjerm på/av eller trykk på Escape-tasten for å gå ut av fullskjerm-visinga.
Forminskar eller forstørrar skjermvisinga av LibreOffice.