Rediger
Denne menyen inneheld funksjonar du kan bruka til å endra innhaldet i det gjeldande dokumentet.
Angra
Angrar den siste kommandoen eller oppføringa du skreiv inn. For å velja kommandoen du vil angra, trykkjer du på pila ved angra-knappen på standardlinja.
Gjenopprett
Gjer om handlinga duangra sist. Trykk på pila rett ved Gjer om-knappen på standardlinja for å velja angre-steget du vil gjera om att.
Lim inn
Set innhaldet frå utklippstavla inn ved skrivemerket og byter ut vald tekst eller objekt. Trykk på pila ved sidan av knappen for å velja format.
Søk
Slår visinga av Søk-linja på slik at du kan søkje etter tekst eller flytte deg rundt i eit dokument ved hjelp av element.
Samanlikn dokument
Samanliknar dokumentet med eit anna. Innhaldet i det valde dokumentet vert markert som sletta i dialogvindauget som vert opna. Du kan setja innhaldet i den valde fila inn i det gjeldande dokumentet ved å velja dei sletta elementa som er relevante for deg. Dette vert gjort ved å trykkja Forkast først og så Set inn.
Slå saman dokument
Importerer endringar som er gjort i kopiar av det same dokumentet inn i det originale dokumentet. Endringar som er gjort i botnteksten, toppteksten, rammer og felt vert ignorerte. Like endringar vert fletta automatisk.
Lenkjer
Let deg redigera eigenskapane til kvar lenkje i dokumentet, også stien til kjeldefila. Denne kommandoen er ikkje tilgjengeleg dersom dokumentet ikkje inneheld lenkjer til andre filer.
Biletkart
Lèt deg laga eit biletkart med lenkjeområde (hotspots) på eit bilete eller ei gruppe av bilete. Eit biletkart er eit bilete med ulike område som kan lenkjast til kvar sine adresser.