Menyar

Desse menyvala finst i rekneark.

Merknadsikon

Det vindauget som inneheld det dokumentet du vil arbeida med må vera vald for at du skal kunna bruka menyane. Du må òg velja eit objekt i dokumentet før du kan bruka menyval som høyrer til det objektet.


Åtvaringsikon

Menyane endrar seg med samanhengen, slik at menyvala passar til det du arbeider med. Dersom skrivemerket står i ein tekst, kan du bruka alle dei menyvala som har med tekst å gjera. Dersom du har merkt eit bilete, er menyvala tilpassa biletredigering.


Fil

Dette er funksjonar som gjeld dokumentet du arbeider med, opning av nytt dokument og avslutting av programmet.

Rediger

Denne menyen inneheld funksjonar du kan bruka til å endra innhaldet i det gjeldande dokumentet.

Vis

Denne menyen inneheld funksjonar du kan bruka til å velja korleis dokumentet skal visast på skjermen.

Set inn

Menyen «Set inn» inneheld funksjonar du kan bruka til å setja inn nye element som celler, rader, ark og cellenamn i det gjeldande reknearket.

Format

Formatmenyen inneheld funksjonar du kan bruka til å formatera merkte celler, objekt og celleinnhald i dokumentet.

Ark

Denne menyen inneheld funksjonar for å handtera ark og arkelement.

Data

Med funksjonane i menyen Data kan du redigera data i det gjeldande reknearket. Du kan velja område, sortera og filtrera data, rekna ut resultat, utheva data eller laga ein pivottabell.

Verktøy

Verktøymenyen inneheld funksjonar du kan bruka til å stavekontrollera dokument, spora av arkreferansar, finna feil og oppgje scenario.

Vindauge

Inneheld funksjonar du kan bruka til å endra og visa dokumentvindauge.

Hjelp

Frå hjelpemenyen kan du opna og bla i hjelpesystemet for LibreOffice.