19xx/20xx-år

Året i ein dato vert ofte skrive inn som to siffer. Internt handterer LibreOffice åra som fire-sifra. Difor vert tidsrommet frå 1.1.99 til 1.1.01 korrekt rekna ut til to år.

Dette betyr at viss du skriv inn datoen 1.1.30 eller høgare, vert det tolka som 1.1.1930 eller høgare. Alle lågare to-sifra år vert tolka som år i det 20. hundreåret. For eksempel vert 1.1.20 til 1.1.2020.