Namngje celler

Tillatne namn

Namn i Calc kan innehalda bokstavar, tal og nokre andre teikn. Namna må byrja med ein bokstav eller ein understrek.

Andre tillatne teikn:

Namna kan ikkje vere dei same som cellereferansane. For eksempel er namnet A1 ikkje gyldig fordi A1 er ein cellereferanse til cella øvst til venstre.

Namna må ikkje byrja med bokstaven R følgd av eit tal. Sjå funksjonen ADRESSE for meire informasjon.

Namn på celleområde kan ikkje innehalda mellomromsteikn. Derimot er mellomromma lovlege i namn på enkeltceller, ark og dokument.

Slik namngjev du celler og formlar

Ein god måte å gjera referansar til celler og celleområde i formlar forståelege, er å gje områda namn. For eksempel kan du kalla området A1:B2 for Start. Då kan du skriva formlar som «=SUMMER(Start)». Sjølv etter at du har sett inn eller sletta rader eller kolonnar, vil LibreOffice finna igjen dei namngjevne områda. Områdenamn kan ikkje innehalda mellomrom.

For eksempel er det mykje lettare å lesa ein formel for moms dersom du kan skriva «=Verdi * MVA» istadenfor «=A5 * B12». I dette tilfellet måtte du ha gjeve celle A5 namnet «Verdi» og celle B12 namnet «MVA».

Bruk vindauget Skriv inn namn for å gje formlar eller delar av formlar du bruker ofte eit namn. Slik namngjev du eit område:

  1. Merk ei celle eller eit celleområde, vel så Ark → Namngjevne område og uttrykk → Skriv inn. Vindauget Skriv inn namn vert då opna.

  2. Skriv inn namnet for det valde området i feltet Namn og trykk på knappen Legg til. Det nyleg definerte namnet vert nå vist i lista nedanfor. Trykk på OK for å lukka vindauget.

Du kan også namngje andre celleområde i vindauget ved å skriva inn namnet i feltet og så merkja dei tilhøyrande cellene.

Dersom du skriv inn namnet i ein formel, får du opp heile namnet som eit tips etter at du har skrive inn nokre få bokstavar.